Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesmøtet om kommunereforma på nett

Aalesund fraSjoen

Det felles informasjonsmøtet for kommunereformprosjektet blir sendt direkte på nett måndag kveld. Møtet er for kommunestyra og ungdomsråd i Regionkommune Sunnmøre og er ope for publikum.

Sunnmøre regionråd inviterer til felles informasjonsmøte om kommunereform for representantar frå dei 10 kommunane i kommunereformprosjektet "Regionkommune Sunnmøre/Sunnmøre kommune".

Kommunane som er inviterte er Sandøy, Haram, Giske, Sula, Hareid, Sykkylven, Skodje, Ørskog, Stordal og Ålesund.

Informasjonsmøtet finn stad måndag 29. februar kl. 17.45 på Øygardshallen, Sjøvegen 77 i Giske kommune (Momentiumhallen).

Møtet er ope for publikum.

Møtet skal gi faste representantar i kommunestyra og ungdomsråd relevant informasjon om arbeidet med kommunereforma, status i forhandlingane og auka innsikt i forhold som forhandlingsgruppa har sett høgast på dagsordenen.

Følg møtet på nett

Møtet blir streamet på nett. Du går inn på denne lenka: Lenke til direktesending frå møtet.

Sendinga starter klokka 17.45.

Program

Velkommen til Giske kommune, ved Harry Valderhaug
Nytt inntektssystem for kommunane, ved Lars Fylling
Kva betyr større kommunar for lokaldemokratiet, ved Gro Sandkjær Hansen
Status i forhandlingane om intensjonsavtalen, ved Erlend Krumsvik
Større og bedre kommune, ved statsråd Paul Chaffey

Møteleiar er Anne Mette Liavaag, strategi- og utviklingssjef i Ålesund kommune.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.