Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Budsjett, strategi og satsingsområde i siste møte

Juletre hoglia cropFellesnemnda for nye Ålesund held sitt siste møte før jul, 17. desember på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Møtet opnar med informasjon og orienteringar og blir streama frå ca. klokka 12.00

Møtet er ope for publikum og skal haldast på møterom Marco Polo på NMK. Møtet startar klokka 09.00 med orienteringar, og det blir behandling av vanlege vedtakssaker frå ca. klokka 12.00. Møtet blir streama under behandlinga av desse sakene, altså frå ca. klokka 12.00.

Fellesnemnda i nye Ålesund skal førebu den nye kommunen slik at den kan vere i drift frå 1. januar 2020. Fellesnemnda består av fem politikarar frå kvar av kommunane i den nye kommunen.

Politikarane får først informasjon om klima-, areal- og transportplan og om bruken av visualisering og simulering i planprosessar før dei blir orientert om arbeidet til Haram nærings- og innovasjonsforum.

Prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidvik skal gi ei orientering om status og framdrift i arbeidet med å bygge den nye kommunen.

Prosjektbudsjettet

Politikarane frå framlagt forslag til prosjektbudsjett for prosjektorganisasjonen for 2019. Partssamansett utval - som består av tilsetterepresentantar og politikarar, og arbeidustvalet - som er dei fem ordførarane, har innstilt på at prosjektbudsjettet blir vedtatt.

Budsjettet er på 34 650 000 kroner.

Hovudpostane er:

  • Lønn og husleige - 9 550 000
  • Møtegodgjerdsle for folkevalde - 2 500 000
  • Frikjøp tillitsvalde - 2 000 000
  • Interne frikjøp, kompensasjon prosjektarbeid og eksterne konsulenttenester - 9 000 000
  • Kurs, møte, opplæring og arrangement - 3 000 000
  • Reiseutgifter - 1 000 000
  • Annonser, informasjon, profil, nettstad, Bli kjent-fond m. m. - 3 400 000
  • Til disposisjon (IKT-utgifter m.m.) - 4 200 000
  • Infrastruktur: etablering av fiberkabel til kommunal drift - (budsjettert med 4 500 000 i 2018)
  • Infrastruktur: gang- og sykkelveg - utgreiing - (budsjettert med 500 000 i 2018)
  • Fiber/breiband der det ikkje er kommersielt lønsamt - utgreiing - (budsjettert med 500 000 i 2018)

PSU og AU innstiller på at fellesnemnda vedtar budsjettet på sitt møte. Det fullstendige budsjettet finn de i sakspapira.

Strategi og satsingsområde

PSU og AU innstiller på at fellesnemnda vedtar forslaget til strategi og satsiningsområde.

Vedtatte visjonar og mål i intensjonsavtalen for nye Ålesund har berekraft, klima, areal- og transport, stadutvikling, næringsliv, kompetanse, tenesteutvikling og innovasjon som sentrale tema.

FN har utarbeidd berekraftmål, og strategiprosessane i nye Ålesund skal bygge vidare på dei same måla. Dei globale måla vil gjennom arbeidet med strategiar og satsingsområde bli sett i samanheng med lokale mål for utviklinga av kommunesamfunn og kommuneorganisasjon.

Det er no starta eit arbeid med å lage strategiar og satsingsområde for nye Ålesund kommune. I første omgang vil prosessen bidra til å kople strategiske diskusjonar saman med forslag til budsjett og økonomiplan for 2020-2024.

Arbeidet vil og berede grunnen for forslag til planstrategi, og seinare for oppstart med kommuneplanen sin samfunnsdel for ny
kommune.

Arbeidsutvalet og partssamansett diskuterte eit forslag forslag til korleis vi kan styre strategiarbeidet i perioden fram mot den formelle samanslåinga av kommunanee 1. januar 2020. Dette inneberer forslag til fasar, og forslag til organisering av
prosessen.

Arbeidutvalet tilrår at fellesnemnda sluttar seg til framlegget med følgande tillegg:

Under "Konkurransekraft kan handle om" blir følgande tre punkt tatt inn:
1. Posisjonere nye Ålesund inn mot fylkeskommune, statlege organ, EU (Brussel) m.v
2. Ha eit tydeleg fokus på kommunen som samfunnsbyggar.
3. Ha ein kulturpolitikk som fremjer kommunen som attraktiv for innbyggarar, tilflyttarar, studentar og turistar.

Heile forslaget til strategi og satsingsområde kan du lese i sakspapira til møtet.

Andre saker

Fellesnemnda skal også kome med ein uttale til budsjett og økonomiplanar i kommunane som saman skal danne nye Ålesund og arbeide med delegering av kven som skal ha rett til å innstille saker til den framtidige kommunestyret og kven som skal ha vedtaksmynde i den nye kommunen. Det er komiteen for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad som legg fram saken om delegering.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.