Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Årets siste nyheitsbrev

nye alesund tonemolnes cropÅrets siste nyheitsbrev til tilsette tar for seg forslaga til organisasjonsplan, omtalar det siste fellesnemdmøte og kåringa av folkets favoritt blant innsende forslag til kommunevåpen - blant anna.

Styringsgruppene for stabs- og kommunalområde har kome med forslag til organisasjonsplan for eige kommunalområde. Fristen for å kome med innspel til forslaga er 1. januar.

14. desember var det eit dialogmøte for alle styringsgruppene og leiarar i faggruppene med oppsummering og vidare avklaringar. Det var fleire spørsmål og diskusjonar rundt forslaga.

Alle forslaga er sammla i eitt dokument som ligg under kvart stabs- og kommunalområde under milepælar.

Nyheitsbrevet fortel også kva saker fellesnemnda skal behandle på sitt møte 17. desember og korleis det er mogleg å stemme fram folkets favoritt blant forslaga til nytt kommunevåpen som er komne inn. Fristen til å stemme fram din favoritt er 18. desember.

pdfÅrets siste nyheitsbrev les du i sin heilheit her i PDF eller du finn det under menyknappen for tilsette > nyheitsbrev. Der finn du også tidlegare utsende nyheitsbrev.