Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vedtok budsjett, strategiar og satsingsområde

fellesnemnda 171218 nmkI sitt siste møte i 2018, vedtok fellesnemnda forslaget til busjett for prosjektet i 2019 og korleis nye Ålesund skal arbeide vidare med satsingsområde og strategiar.

Fellesnemnda i nye Ålesund skal førebu den nye kommunen slik at den kan vere i drift frå 1. januar 2020. Fellesnemnda er samansett av fem politikarar frå kvar av kommunane.

Dei hadde sitt siste møte i 2018, 17. desember på Campus Ålesund, NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter).

Opptak av møtet

Trykk her for å sjå første del av møtet med orienteringar.

Trykk her for å sjå andre del av møtet med sakbehandling.

Du kan trykke her om du vil lese sakspapira.

 

Her får du ein kort omtale av nokre av sakene som var oppe på fellesnemndmøtet 17. desember 2018.

Prosjektbudsjettet

Politikarane vedtok einstemmig forslaget til prosjektbudsjett for prosjektorganisasjonen for 2019.

Budsjettet er på 34 650 000 kroner.

Hovudpostane er:

  • Lønn og husleige - 9 550 000
  • Møtegodgjerdsle for folkevalde - 2 500 000
  • Frikjøp tillitsvalde - 2 000 000
  • Interne frikjøp, kompensasjon prosjektarbeid og eksterne konsulenttenester - 9 000 000
  • Kurs, møte, opplæring og arrangement - 3 000 000
  • Reiseutgifter - 1 000 000
  • Annonser, informasjon, profil, nettstad, Bli kjent-fond m. m. - 3 400 000
  • Til disposisjon (IKT-utgifter m.m.) - 4 200 000
  • Infrastruktur: etablering av fiberkabel til kommunal drift - (budsjettert med 4 500 000 i 2018)
  • Infrastruktur: gang- og sykkelveg - utgreiing - (budsjettert med 500 000 i 2018)
  • Fiber/breiband der det ikkje er kommersielt lønsamt - utgreiing - (budsjettert med 500 000 i 2018)

Det fullstendige budsjettet finn de i sakspapira.

Strategi og satsingsområde

Fellesnemnda vedtok forslaget til strategi og satsiningsområde for nye Ålesund kommune. Vedtaket gjeld korleis vi kan styre strategiarbeidet i perioden fram mot den formelle samanslåinga av kommunanee 1. januar 2020. Dette inneberer forslag til fasar, og forslag til organisering av prosessen.

Vedtatte visjonar og mål i intensjonsavtalen for nye Ålesund har berekraft, klima, areal- og transport, stadutvikling, næringsliv, kompetanse, tenesteutvikling og innovasjon som sentrale tema.

FN har utarbeidd berekraftmål, og strategiprosessane i nye Ålesund skal bygge vidare på dei same måla. Dei globale måla vil gjennom arbeidet med strategiar og satsingsområde bli sett i samanheng med lokale mål for utviklinga av kommunesamfunn og kommuneorganisasjon.

Det er no starta eit arbeid med å lage strategiar og satsingsområde for nye Ålesund kommune. I første omgang vil prosessen bidra til å kople strategiske diskusjonar saman med forslag til budsjett og økonomiplan for 2020-2024.

Arbeidet vil og berede grunnen for forslag til planstrategi, og seinare for oppstart med kommuneplanen sin samfunnsdel for ny
kommune.

Under "Konkurransekraft kan handle om" blir følgande tre punkt tatt inn:
1. Posisjonere nye Ålesund inn mot fylkeskommune, statlege organ, EU (Brussel) m.v
2. Ha eit tydeleg fokus på kommunen som samfunnsbyggar.
3. Ha ein kulturpolitikk som fremjer kommunen som attraktiv for innbyggarar, tilflyttarar, studentar og turistar.

Heile forslaget til strategi og satsingsområde kan du lese i sakspapira til møtet.

Andre saker

Fellesnemnda kom også med ein uttale til budsjett og økonomiplanar i kommunane som saman skal danne nye Ålesund og arbeidde med delegering av kven som skal ha rett til å innstille saker til den framtidige kommunestyret og kven som skal ha vedtaksmynde i den nye kommunen.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.