Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Makerspace-million til biblioteka

bibliotekararBiblioteka i nye Ålesund har fått 950 000 kroner til å utvikle makerspace. – Vi ønsker å bli best i landet, seier Lisa Alvestad, prosjektleiar og biblioteksjef i Haram.

Makerspace  - eller folkeverkstad, er rett og slett ein møteplass der ein kan jobbe saman om eit prosjekt,  møte andre, bli inspirert og skape noko saman. Biblioteka i nye Ålesund (Sandøy, Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund) gleder seg verkeleg til å komme i gang med dette!

Barn får skape

-  Vi har fem ulike prosjekt, som i løpet av 2019 skal gå på omgang i biblioteka, informerer Alvestad.  

-  Vi skal ha programmering med kulerobot, programmering og bygging i minecraft, produsere animasjonsfilm med plastilin, ha podkastverkstad og redesign av klede.

Målgruppa for verkstadane er først og fremst barn og ungdom.

-  Målet vårt er å styrke biblioteket som møteplass for barn og unge. Vi håper at biblioteket såleis kan bli ein god arena for dei å møtast på, vere kreativ ilag og lære av kvarandre, seier ho.

Lokal støtte

For å få til dette, har biblioteka fått god støtte frå lokale organisasjonar, lag og bedrifter, i tillegg til 950 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Alt frå frivilligsentral og husflidslag til skular, bankar og innovasjonsforum har gitt eit ja til å støtte prosjektet. Sparebanken Møre har støtta prosjektet med ikkje mindre enn 150 000 kroner!

- Vi har fått ein fantastisk respons på spørsmålet om å sponse prosjektet, slår prosjektleiar Alvestad fast.

-  Enkelte stiller med kompetanse, andre med midlar. Det er vi svært glade for!

Koffert med innhald

- I fortsetjinga skal vi lage oppskriftshefter for alle aktivitetane som vi skal dele med resten av biblioteka i fylket.

Biblioteka i nye Ålesund ønsker også tilby koffertar med innhald til dei ulike aktivitetane som kan lånast ut til andre ved behov, saman med oppskriftshefta. Undervegs vil biblioteka dele erfaringar, inspirasjon, intervju og informasjon om det å drive med folkeverkstad i bibliotek, gjennom ein bibliotekpodcast.

Føregangsbibliotek

Målet vårt er at biblioteket i nye Ålesund blir eit føregangsbibliotek for resten av Møre og Romsdal ved å arrangere nyskapande makerspace i samarbeid med lokale aktørar, seier Alvestad.

Det er ikkje snakk om at dette er eit stunt som vi er ferdige med når 2019 er omme. Vi satsar på at når vi blir ein kommune i 2020, så er vi godt rusta til å utvikle konseptet vidare, også for andre målgrupper.

På bildet: JUBLAR for ein million til verkstad for barn og ungdom i biblioteka i nye Ålesund, f.v. Eva Ulla Myren (Sandøy), Laura Skiriene (Ørskog), Madelen Ramsøy (Skodje), Lisa Alvestad (Haram) og Mette Aaram Ringstad (Ålesund).

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.