Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Klassevinnar ble Design & redesign

Design og redesign, valgfag 9. og 10. trinn Spjelkavik ungdomsskole

Klassevinnar i idékonkurransen til nytt kommunevåpen er valgfag Design & redesign 9. og 10. trinn ved Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund.


Dei 32 elevane har vist engasjement og levert flotte bidrag, gratulerer komiteen. Onsdag 19. desember var ordfører i Haram og leiar i komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede, på besøk hos Spjelkavik ungdomsskole og overraska klassane under allmøtet. Elevane braut ut i gledeshyl over å bli kåra til klassevinnar i konkurransen.


32 elevar i Design & redesign

 MG 0263 vebjorn diplom web

Gjennom hausten deltok både 9. og 10. trinn i valgfag Design og redesign i idékonkurransen for nytt kommunevåpen. Lærar Ellen Johnsrud seier elevane jobba lenge og vel med ideane før dei blei sende inn.  Fleire av teikningane var også med blant dei 44 som deltok i avstemminga for å finne folkets favoritt.  Premien til klassevinnaren er diplom og gratis kinobillettar til begge valgfagklassane. 

- Elevane har arbeidd med prosjektet i fire veker, to timar kvar veke. Først var det å sjå på kriteria for kommunevåpen, deretter å arbeide i eit prosesshefte og med små skisser. Til slutt laga dei  ei stor skisse som ble sendt inn. Fokuset har vore å finne noko som kan vere samlande for alle fem kommunane, seier lærar Ellen Johnsrud ved Spjelkavik ungdomsskole.


Dette seier ordførar Vebjørn Krogseter om bidraga:

- Klassane hadde samla eit stort bidrag som utmerka seg. Symbolikken i bidraga har stor variasjon, men er i stor grad knytt til hav, fjell, lys/fyrlys, bymotiv og fiskeri – alle desse elementa er kjenneteikn på kommunen og regionen. Klassane har teikna gode eksempler på idear til eit nytt kommunevåpen.

 

Her kan du sjå bidraga frå klassane:

Tidsplan for arbeid med nytt kommunevåpen

Datoane kan bli justerte.