Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Folkets favoritt blei Teodor Klokset Lilleng, 10 år

Jonatan Teodor og JanetOnsdag 19. desember blei det klart at vinner av Folkets favoritt blant forslaga til nytt kommunevåpen blei Teodor frå 5. klasse Tennfjord skule. 

- Eg blei hoppande glad da mamma fekk telefonen. Ho sa eg ikkje fekk fortelje det til nokon, det vart litt kjedeleg. Men no er det ekstra stas og premien skal eg sjølvsagt dele med familien, seier Teodor Klokset Lilleng.

Frå 11. desember til 18. desember har det vore avstemming for å kåre Folkets favoritt blant 44 teikningar. Det blei totalt gitt 2 166 stemmer og Teodor si teikning fekk 357 stemmer av desse.  Dette skriv han sjølv om teikninga:

- Eg har prøvd å slå saman dei 5 kommunevåpena til eit. Bølgane frå Haram, brua frå Skodje, skogen og vegen frå Ørskog, våpenet frå Ålesund og strålene frå Sandøy, seier han.

Leiar i komiteen for nytt kommunevåpen, Vebjørn Krogseter, seier dette om Folkets favoritt:

- Teodor har fått med seg element frå alle fem kommunevåpen. Det er ein god tanke når du skal skape noko nytt for fem kommunar. Her er det maritime, fyrlys og brua med. Det er mange element frå teikninga vi kan ta med oss i arbeidet videre med eit nytt kommunevåpen, seier ordførar i Haram, Vebjørn Krogseter.

 

Desse fire teikningane fekk flest stemmer i konkurransen om å bli Folkets favoritt:

1. plass:  Teodor Klokset Lilleng, 357 stemmer

1. plass: Teodor Klokset Lilleng, 357 stemmer

2. plass:  Beate Eiken, 335 stemmer

2. plass: Beate Eiken, 335 stemmer

3. plass: Julie Bjørge, 215 stemmer

3. plass: Julie Bjørge, 215 stemmer

4. plass:  Ane Blindheim Brandtzaeg, 212 stemmer

4. plass: Ane Blindheim Brandtzaeg, 212 stemmer

 

Tidsplan for arbeid med nytt kommunevåpen

  • 1. november: Frist for innsending av forslag.
  • November: Komiteen går gjennom alle forslaga
  • 11. -18. desember: Avstemming og kåring av folkets favoritt.
  • Desember: Kåring av ein klassevinnar.
  • Januar 2019 - mars 2019: Lukka konkurranse, der eit mindre tal profesjonelle byrå, grupper eller enkeltpersonar i dei fem kommunane blir inviterte til å vere med. Det vil bli sett premiss for dei forslaga som blir presenterte i denne fasen.
  •  Mars 2019-mai 2019: Val av 3 forslag til kommunevåpen som skal vidare til fellesnemnda, saman med kommunevåpna frå alle fem kommunane
  • Etter mai 2019: Sak opp til fellesnemnda.
  • Sak opp i nytt kommunestyre (hausten 2019).
    Datoane kan bli justerte.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.