Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Samarbeid og medverknad

medborgarskapmøteKorleis skal vi kommunisere? Korleis skal vi skape engasjement, eigarskap og medverknad? Dette var blant temaa som blei diskuterte då nye Ålesund inviterte innbyggarane til ope møte.

Tysdag 27.november blei det halde eit ope møte for innbyggarar i dei fem kommunane på Gomerhuset i Skodje. Temaet for møtet var dialog for samarbeid og medverknad. Målet var å innhente konkrete innspel på korleis innbyggarar og den nye kommunen kan utvikle samspelet til beste for innbyggarane. Rundt 80 personar møtte opp. Dei representerte frivillige organisasjonar, politikarar, offentleg tilsette, næringliv og pensjonistar blant fleire.

Møtet var lagt opp som ein work shop der alle kunne foreslå tema som etterpå blei diskuterte i valfrie grupper. Det kom fram mange konkrete innspel og også tema som var nye for mange. Eit slikt møter er ein arena for å knyte kontaktar, bli kjend med nye menneske og høyre andre meiningar om tema du ikkje har tenkt så mykje på sjølv. 

Til saman ble 12 tema satt opp. Desse temaa var:

  • Korleis skal vi kommunisere?
  • Korleis skape engasjement, eigarskap og medverknad?
  • Innbyggartorg
  • Naboskap
  • Brukarmedverknad
  • Universell utforming av tenestetilboda
  • Næringsutvikling
  • Kulturskolen og samarbeid med frivillege organisasjonar
  • Vaksenkultur
  • Involvering i kommunedelutvala
  • Korleis ta i vare døve og blinde på omsorgssenter og sjukeheimar
  • Samarbeid mellom skolane

Innspela frå gruppediskusjonane blir tatte med vidare av dei kommunal- og stabsjefane som arbeider med tilsvarande saker i nye Ålesund. Takk for alle gode innspel, og spesielt takk til Skodje blandakor som bidro med flott song til avslutning av kvelden.

Slike møteplassar trenger vi fleire av!

Saman bygger vi samfunn der alle blir sett og høyrt - og slik bygger vi nye Ålesund kommune.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.