Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lokalisering og heilskaplege system

nye alesund kommune eline tennfjord skodje tonemolnes TMO9105 cropArbeidet med lokalisering og heilskapleg plan-, leiings- og styringssystem er begynt. Prosjektleiar har sett ned to arbeidsgrupper.

Lokalisering

På bagrunn av innspel frå organisasjonen i samband med forslag til organisasjonsplan for stabs- og kommunalområda, skal gruppa foreslå kvar ulike funksjonar og tenester skal vere lokaliserte i nye Ålesund.

Arbeidet har mandat med føringar frå intensjonsavtalen og gruppa skal avslutte sitt arbeid innan 1. februar. Deretter går framlegget til ulike utval med endeleg vedtak i fellesnemnda i februar/mars.

Medlemmar

  • Astrid J. Eidsvik, prosjektleiar og leiar av arbeidsgruppa
  • Turid Hanken, rådmann i Haram
  • Liv Stette, rådmann i Ålesund
  • Anny Sønderland, rådmann i Sandøy
  • Synnøve Vasstrand Synnes, rådmann i Ørskog
  • Bente Glomset Vikhagen, rådmann i Skodje
  • Kristin H. Breivik, representant frå vernetenesten
  • Cecilie Solli, representant frå tillitsvalde
  • Hanne Tonning,representant frå tillitsvalde

Du finn meir om gruppa under stabsområde.

Heilskapleg plan-, leiings- og styringssystem

Arbeidsgruppa for heilskapleg plan-, leiings- og styringssystem er plassert under stabsområdet for plan, nærings- og samfunnsutvikling.

Arbeidsgruppa skal utarbeide eit forslag til system og prosessen skal gjennomførast med brei involvering i organisasjonen.

Eit heilskapleg plan, leiings- og styringssystem synleggjer korleis organisasjonen blir leia og styrt på ein effektiv og kunnskapsbasert måte mot overordna vedtatte mål.

Medlemmar

  • Anne Mette Liavaag, stabssjef for plan, nærings- og samfunnsutvikling
  • Anny Sønderland, rådmann i Sandøy skal ha eit spesielt ansvar for leiing- og organisasjonsutvikling
  • Lars Fylling, økonomisjef
  • Roar Reiten, stabssjef for personal og organisasjon

pdfMandatet til arbeidsgruppa finn du også under stabsområdet for plan, nærings- og samfunnsutvikling under faggruppe.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.