Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Smarte samfunn - Samspillskonferansen 2019

NMK skjerm Ålesund Foto PederOttoDybvikKva er eigentleg ein smart by? Kvifor skal vi jobbe for at byen og regionen vår skal bli smartare og meir berekraftig? Korleis kan vi jobbe saman for å nå desse måla? Kom på Samspillskonferansen 8. februar.

8. februar inviterer NTNU og Region Ålesund til Samspillkonferansen i Møretanken på NMK. Vi lovar inspirerande innleiarar, ein sniktitt på smarte prosjekt og spennande workshops som gjør det mogleg å dele dine tankar og idéar.

Samspillskonferansen er dessverre fullbooka, men vi inviterer til å følge konferansen på stream frå eit tilstøtande rom på NMK.  Alle er hjarteleg velkomne til konferanse og mingling!

Program

 Tidspunkt     

 Tema

08.30 -  09.00                Registrering
09.00 - 10.15

Hva er en smart by?

  • Astrid Eidsvik, rådmann i nye Ålesund kommune
    Velkommen
  • John Smiciklas, sjefsanalytiker for FN Smart City
    United for a smarter and more sustainable world
  • Helge Veum, stabssjef teknologi og innovasjon i nye Ålesund kommune
    Hvordan skal nye Ålesund kommune bli smartere?
10.15 - 10.30

Pause

10.30 - 11.30

Hvordan samarbeide for en smartere region?

  • Geir Vik, administrerende direktør, Aafk
    Lagspill for å bygge regionen
  • Annik M. Fet, viserektor ved NTNU i Ålesund
    Kunnskap for en bedre verden!
  • Cecilie Myrstad, leder for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Møre
    Sparebanken Møre – en pådriver for bærekraftig samfunns- og næringsutvikling
11.30 - 12.30

Lunsj

12.30 - 14.00

Fremtidens smarte by - hvordan ser den ut?

  • Annemie Wyckmans, professor og leder for NTNU Smart Sustainable Cities
    Smarte, bærekraftige byer
  • Workshop!
    Hva er ditt drømmescenario for en smart by?
14.00 - 14.15

Pause

14.15 - 15.30

Smakebiter fra smarte prosjekt!

  • Razak Seidu, professor ved NTNU i Ålesund – Smart water and wastewater / Marte Berild Hjelle, prosjektleder i Møre og Romsdal Fylkeskommune – Smartere transport / Helge Solevåg, elektrolærer ved Borgund VGS - Smarte bygg / Helen Berg, stipendiat ved NTNU i Ålesund – Smart læring for helsepersonell
  • Joel Mills, CEO i Ocean Simulator Center
    Visualisering av Ålesundsregionen – et verktøy for smartere planlegging

 
Dette er hovudinnleiarane

Innleiar

 Om

 john smiciklas

 Principal sustainability, Organization for International Economic Cooperation (OIER)
john smiciklas 210x210

På Samspillskonferansen får du møte John Smiciklas, FNs Smart City analyseekspert, som gir oss eit innblikk i kva som vil bli sett i gang i Ålesundregionen gjennom dette programmet. Kva inneber det, og kva kan vi oppnå dersom offentleg sektor, næringsliv og akademia samarbeider om Smart City arbeid.

Nye Ålesund og kommunane Giske og Sula  er den første regionen i Norge som er tatt opp i FNs program for smarte byar. Det globale programmet har som mål å få byar og samfunn til å bli berekraftige og smarte.

 

 Geir s. Vik

 Dagleg leiar for AaFK
Geir Vik fotokred Aafk 210x210

Geir Steinar Vik tiltrådde som leiar av Aafk i 2017, og har tidlegare vore reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Gjennom idrettsglede og samfunnsansvar bidrar Aafk til å bygge ein stolt region der samarbeidsviljen er stor. Geir vil vise oss kva for  lærdom vi kan ta med oss frå idrettsarenaen til regionsbygginga. Kan vi spele kvarandre gode for å skape ein smartare region?

 

Annik m. fet

 Viserektor ved NTNU i Ålesund
Annik Fet .Foto Kristin Støylen 210x210

Annik Magerholm Fet er, i tillegg til å vere viserektor, også professor i miljøleiing og berekraftige forretningsmodellar på økonomifakultetet ved NTNU. Ho har tidligare vore direktør for NTNU Bærekraft.

Annik vil fortelle korleis NTNU i Ålesund satsar på berekraft og smarte byar. Hun vil også presentere prosjektet Smart sirkulær by, der ho er prosjektleiar.

 

joel mills

 CEO for Ocean Simulator Center
joel mills 210x210

Joel Mills har bakgrunn frå industri- og produktdesign, og har dei siste fem åra leia Ocean Simulator Center (OSC).

OSC har det siste året arbeidd med å utarbeide ein digital tvilling av Ålesund kommune som kan brukast til å gjere Ålesund til ein smartare by. Joel vil vise oss modellen på Samspillskonferansen, og gi eit innblikk i dei spennande oglegheitene som følger med den!

 

Cecilie myrstad

Leiar for Kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Møre
CecilieMyrstad presse 210x210

Cecilie Myrstad har ein bachelor i internasjonal marknadføring og ein master i kommunikasjon, strategi og forretningsutvikling.

Sparebanken Møre er ein viktig pådrivar til samfunnsutvikling og har støtta lokale initiativ gjennom 175 år. Nylig gav banken 1 million kroner til Smart by-satsinga for å gjere Ålesundregionen til ein av verdas smartaste. Cecilie vil fortelle om bankens samfunnsansvar og kvifor denne satsinga er viktig for dei og utviklinga av regionen.

 

annemie wyckmans

Professor ved NTNU og leiar for Smart Sustainable Cities
annemie wyckmans 210x210

Annemie Wyckmans vil gi oss eit innblikk i korleis det tverrfaglege strategiske initiativet NTNU Smart Sustainable Cities bruker bylaboratorium, offentleg-private partnarskap og integrert design-thinking, for å støtte byars ambisjon om å virkeleg bli byer for menneske, kulturbyar, reine byar, digitale byar og lærande byar- kort oppsummert, smarte og berekraftige byar!

 

 

helge veum

Stabssjef for digitalisering og innovasjon i nye Ålesund kommune
helge 210x210

Helge Veum har ansvaret for arbeidet med IKT og digitalisering i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund. Veum har mange års erfaring som avdelingsdirektør i Datatilsynet. Han er utdanna telkomingeniør og har mastergrad innan informasjonssikring og ein MBA.

Korleis jobbar ein i nye Ålesund kommune for å bli ein smart kommune i ein smart region? Eit viktig overbygg er deltakinga i FN-nettverket United Smart Cities og kartlegginga som regionen no gjer med utgangspunkt i FNs berekraftsmål. Dette gir oss eit viktig grunnlag i reisa til å bli ein smart by. Men det blir óg gjort mange andre grep knytt til kultur, organisering og konkrete prosjekt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Smart - smartare - smartast!

Gjennom ei rekke speedpresentasjonar vil du bli kjent med kva for smarte prosjekt som er på gang i regionen. Her blir det fleire korte foredrag.

Om Samspillkonferansen

Målet med konferansen er å styrke samspelet mellom kommunar, næringsliv og forskning- og utviklingsaktørar for å bygge ein framtidsretta og attraktiv Ålesundregion.

Ambisjonen med dagen er å meisle ut felles aksjonspunkt som sikrar sterkare samspel og auka gjennomslag for viktige regionale saker.

Dette er anledninga til å møte leiande aktørar i regionen og delta i forminga av framtidas Ålesundregion.

Om Region Ålesund

Region Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund.
Målet er å bygge eit regionalt partnarskap som skal legge til rette for ein fremtidsretta og attraktiv byregion for både nærings- og samfunnsliv.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.