Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Ny tilbodsfrist for breibandsanbod

nye alesund kommune sandyhagen sandy tonemolnes TMO0988Nye Ålesund utvidar fristen for å levere tilbod i anbodskonkurransen for å bygge ut breiband til innbyggarane i nye Ålesund. Ny frist  er 4. mars. 

Årsaken er at fleire av tilbydarane har bede om å få utsett fristen.

Nye Ålesund har utlyst ein anbodskonkurranse om å bygge ut breiband der det ikkje er kommersielt lønsamt for leverandørane å gjere dette aleine.

Nye Ålesund kommune har intensjon om å vere ein føregangskommune innan digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.

Helge veum web

-    At innbyggarane har tilgang på breiband i heimen er viktig for å oppnå dette. Det er også viktig med breibandsutbygging for at innbyggarane skal kunne delta aktivt i det  digitale samfunnet både når det gjeld skolearbeid, i jobb og at dei kan busette seg der dei ønsker, seier teknologi og digitaliseringsansvarleg for bygginga av nye Ålesund, Helge Veum.

-    Nye Ålesund har difor kunngjort ein anbodskonkurranse der den nye kommunen ønsker tilbod frå leverandørar for å bygge ut breiband. 

Klikk pdfher for å sjå kva område i nye Ålesund som er med i kunngjeringa.

Område som ikkje er med

Det er ein del område utan godt breibandstilbod som ikkje er med i denne kunngjeringa. Grunnen til dette, er at kommersielle utbyggarar har varsla oss om at dei har planar om utbygging i områda, og då kan vi ikkje bruke offentlege pengar for å finansiere utbygging.

-    Det er óg enkelte husstandar som fell utanfor dei geografiske områda i kunngjeringa, men det er rom for at dei blir med tatt med i forhandlingar med utbyggarane, opplyser Veum.

Behov for finansiering

I intensjonsavtalen for nye Ålesund står det at den nye kommunen skal bruke inntil 30 millionar på breibandsutbygging, men Veum seier det framleis må eit politisk vedtak til:

-    At den nye kommunen går ut med denne kunngjeringa, betyr ikkje at det er sikkert at alle områda blir utbygde. Dei totale kostnadane ser vi først når vi har fått tilbod frå utbyggarane. Politikarane må også vedta å bruke desse pengane til breibandsutbygging. Fellesnemnda behandler denne saken i februar 2019.

Nye Ålesund vil i hovudsak prioritere utbygging av område ut ifrå kvar pengane kjem best til nytte.

Framdriftsplan

Konkurransen blei kunngjort i Doffin 17. desember (Doffin er den nasjonale kunngjeringsdatabasen for offentlege innkjøp), og utbyggarane har frist til å gi tilbod innan 4. mars klokka 12.00.

Val av leveranddørar blir gjort i løpet av mars.

Forventa utbyggingsperiode er fram til utgangen av 2021.

NKOM-midlar til nokre områder

Kommunane i nye Ålesund er også tildelt pengar frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å gjennomføre breibandsutbygging. Dette er ei tilskotsordning frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM), som skal sørge for tilskot til breibandsutbygging der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å bygge ut.
Nye Ålesund har fått eingongstilskot til utbygging i områda:

Forventa tilskot er på 3,9 millionar kroner. Utbygging av desse områda blir prioritert høgst.

pdfTilsegnet frå NKOM

Sjå kunngjeringa på nettsida til Doffin.

Du kan óg lese pdfdet detaljerte konkurransegrunnlaget.

Nye Ålesund gjer merksam på at tilbydarane må nytte seg av oppdatert informasjon som ligg på Doffin.