Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fleire høyringssvar til organiseringa

nye alesund tonemolnes cropDet er kome inn fleire innspel til organisasjonsplan for stabs- og kommunalområda. Alle er no samla i eitt dokument som du finn i denne artikkelen.

Fram til 1. januar var det mogleg å komme med innspel til organisasjonsplan for stabs- og kommunalområda. Nokre har kome med innspel etter fristen og nokre brukte ikkje skjema til å sende inn sine innspel. No er alle svara samla i eitt dokument.

Den forenkla høyringa var i stor grad mynta på tilsette, men også politiske råd har hatt høve til å kome med innspel.

pdfHøyringssvar per 14. januar 2019 (PDF)

Styringsgruppene leverte sine forslag til organisasjonsplan for eige område 1. desember 2018. Kvar styringsgruppe representerer eit stabs- eller kommunalområde og er leia av den framtidige stabs- eller kommunalsjefen.

Her er det samla forslaget til organisasjonsplan som innspela er komne inn til:

pdfSamla forslag til organisasjonsplan (PDF)

Høyringssvara og forslaga er også samla i kvart sitt dokument som er lagt ut under kvart stabs- og kommunalområde under milepælar. Der finn de også kartleggingsdokumentet som blei levert tidlegare i haust

NAV Ålesund har levert eit eige grunnlagsdokument og forslag til organisasjonsplan. NAV Ålesund er plassert under kommunalområdet velferd og sysselsetting:

pdfOrganisasjonsplan_og_grunnlagsdokument_for_NAV.pdf

Organisering

Det er fire stabseiningar:

  • Økonomi og verksemdsstyring
  • Perosnal og organisasjon
  • Teknologi og digitalisering
  • Plan, samfunns- og næringsutvikling

I tillegg kjem politisk sekretariat, kommuneadvokat og kommunikasjonsstaben som enno ikkje har gjort arbeidet med kartlegging og organisasjonsplan.

Det er seks kommunalområde:

  • Helse og omsorg
  • Velferd og sysselsetting
  • Opplæring
  • Barn, familie og integrering
  • Kultur og medborgarskap
  • Tekniske tenester

Manglar det noko?

Det er ikkje sikkert at alle verksemder eller einingar finn seg sjølv i dokumenta. Organisasjonsplanane er forslag, og dei einingane og verksemdene som ikkje er nemnt, vil bli innarbeidd i det endelege dokumentet. Prosjektleiinga ber også om tilbakemelding på eventuelle manglar.

Dette skjer no:

Fram mot 15. januar skal ein samla organisasjonsplan med bemanningsplanar for leiarar og stabsfunksjonar sluttførast.

15. januar blir planen send til tillitsvalde.

Før jul

Etter at forslaget til organisasjonsplan blei levert 1. desember, var det eit dialogmøte for alle styringsgruppene og leiarane i faggruppene med oppsummering og vidare avklaringar. Desse avklaringane forsette 18. og 19. desember i involveringsmøte med leiarane i dei styringsgruppene der det var nødvendig.

Lokalisering

Parallelt med dette arbeidet, vil lokaliseringsgruppa – der prosjektleiinga, rådmennene og representantar for tillitsvalde og vernetenesten er med, arbeide med samordning av lokaliseringsforslaga. Dette arbeidet skal vere ferdig 1. februar og skal så til politisk behandling.

framdriftsplan oktober2018 crop

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.