Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Drøftingsmøte med tilsette utsett

logo til webProsjektleiinga utsett drøftingsmøtet med tillitsvalde til 6. februar og gir prosjektorganisasjon frist til 24. januar med å utarbeide bemanningsplanar og ferdigstille organisasjonsplanen. Prosjektleiar Astrid informerer i video i artikkelen.

 Grunnen er at det er kome inn mange høyringsuttalar som prosjektleiinga ønsker å gå ordentleg gjennom og også fordi arbeidet med planane er svært omfattande. 

Arbeidet blir gjort saman med leiarane for styringsgruppene, som er dei komande stabs- og kommunalsjefane i nye Ålesund. Styringsgruppene har kome med forslag til organisasjonsplan for sitt område. Forslaga har vore ute på høyring og arbeidet med å omarbeide og tilpasse organisasjonsplanane er omfattande.

Når forslaga til bemanningsplanar og organisasonsplan er ferdige frå prosjektleiinga si side, vil forslaga gå vidare til drøfting med tilltisvalde. Møtet er utsett frå 15. januar til 6. februar.

Når dette er gjort, vil ein følge oppsett plan fram til 1. april og innplassering av alle tilsette i den nye kommunen.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.