Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Søk støtte til å rydde marint søppel

1024px Water Pollution with Trash Disposal of Waste at the Garbage Beach photo epSos.deNo kan du søke støtte for å rydde opp i forsøplinga langs strender, elver og vassdrag. Fristen for å søke om støtte er 31. januar 2019.

Tilskuddsordninga til tiltak mot marin forsøpling er i år på 65 millionar kroner.

– Interessa for å vere med å rydde marint søppel har vore overveldande dei siste åra. Vi håper mange vil vere med å rydde i 2019 også, og oppfordrar alle som har ein god idé til eit prosjekt for å rydde søppel på strender og langs elver og vassdrag, om å søke støtte frå Miljødirektoratet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Marin forsøpling er ei av dei store miljøutfordringane vi har, og omfanget ser ut til å auke. Marint avfall utgjer ein stor risiko for dyre- og fugleliv og medfører kvart år betydelege kostnadar for samfunnet.

Kva kan det søkast støtte til?

Miljødirektoratet gir økonomisk støtte til opprydding i strandsona, langs elver, vann og innsjøar der dette hindrer tilsig av avfall til havet.

  • Frivillige kan søke støtte til koordinering av ryddeaksjonar og transport og innlevering av marint avfall til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigarløyse fritidsbåtar.
  • Prosjekt som har ein forebyggande effekt kan også få støtte. Det gjeld for eksempel informasjons- og veileidningsmateriell, holdningskampanjar og workshops.
  • Det kan også søkast støtte til metodeutvikling som bidrar til meir effektiv opprydding av marin forsøpling over heile landet.

Her finner du søknadsskjema og meir informasjon om tilskot til tiltak mot marin forsøpling.

Frist for å søke tilskot er innan utgangen av 31.januar 2019.

Kven kan søke?

  • Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einheitsregisteret
  • Private verksemder som ikkje er enkeltpersonforetak
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd

Minste søknadssum er 300 000 kroner.
Det finnes også ei refusjonsordning for mindre ryddeprosjekt, som administrerast av Hold Norge Rent.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.