Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Framtidsnavigatøren har slutta

ken BlindheimFramtidsnavigatør Ken Blindheim har slutta i nye Ålesund.

- Blindheim slutta fordi han meiner arbeidsoppgåvene ikkje samsvarer med stillingsutlysinga. Dette tar eg til etterretning, seier prosjektleiar og kommande rådmann Astrid Eidsvik. 

Blindheim slutta i stillinga si med verknad frå 18. januar.  Blindheim begynte i stillinga som framtidsnavigatør i oktober rett etter tilsetting. Han har i dei ca. 3 månadane han har vore tilsett, arbeidd i 60 %, i kombinasjon med tidlegare jobb.

Blindheim slutta i løpet av prøvetida på 6 månader og sidan han ikkje var djupt inne i ulike arbeidsoppgåver, blei Blindheim løyst frå arbeidskontrakten sin utan oppseiingstid.

Nye Ålesund vil tilsette ny framtidsnavigatør i løpet av våren.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.