Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lær meir om søvn

seminar om søvnBli med på seminar om søvn, gode treningstips og restitusjon. Seminaret er gratis og for ungdom, foreldre, trenarar og alle som jobbar med ungdom.

Psykolog Mari Hysing kjem for å fortelle om kvifor søvn er så viktig, og orienteringsløpar Olav Lundanes vil snakke om trening og restitusjon.

Vi avsluttar arrangementet med ei spørsmålsrunde der det vil vere mogleg å diskutere både søvn, treningstips og restitusjon.

I tillegg, vil to heldige i salen kunne vinne to inngangspass til Jugendfest 2019!

Det trengs inga påmelding til dette seminaret.

Tid: Onsdag 6. februar klokka 18.00 - 20.00

Stad: Color Line Stadion, Ålesund

Foredragshaldarane

olavlundanes WOC2017Long 3 Foto: worldofo.com

Olav Lundanes er ein norsk orienteringsløpar frå Eikenos i Ålesund. Han er frå ein orienteringsfamilie som består av mor Marit, far Lars Roger og fire yngre søsken. Lundanes er fleire gangar verdsmeister, europameister, norgesmeister og juniorverdsmeister i orientering. Lundanes representerer Halden Skiklubb og det norske orienteringslandslaget. I 2017- og 2018-sesongen representerte han den finske klubben Paimion Rasti i internasjonale og finske konkurransar.

marihysing foto HommedalFoto: Hommedal

Mari Hysing er professor i samfunnspsykologi ved Psykologisk Fakultet, UIB, og seniorforskar i NORCE. Hun er psykologspesialist og leiar for Barn i Bergen-prosjektet og har publisert mykje om søvn hos barn og unge.

Samarbeidsprosjekt

Seminaret er et samarbeid mellom Ålesund kommune, nye Ålesund kommune, Ålesund idrettsråd, Sunnmøre fotballkrets, Studentorganisasjonen til NTNU (SIT) og Sparebanken Møre.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.