Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Spørsmål og svar

nye alesund kommune eline tennfjord skodje tonemolnes TMO9105 cropKva ligg i begrepet utvalsområde? Blir eg kalla inn til kartleggingssamtale og kven skal ha den samtalen? Kva reaksjonar har kome inn på forslaget til organisasjonsplan? Her finn du svar på fleire spørsmål.

Forslag til organisasjonsplan og bemanningsplanar ligg no ute. Organisasjonsplan er ei oversikt leiarstillingar, verksemder, seksjonar og avdelingar på dei einskilde områda. No begynner planane å bli så konkrete at vi tilsette er direkte berørte og har spørsmål rundt eigen arbeidskvardag og stilling.

Assisterande prosjektleiar Bente Glomset Vikhagen tar for seg korleis prosjektleiinga tenker rundt organiseringa og begynner med å snakke om bemanningsplanar (sjå informasjon i tekst under videoen). Intervjuar Anne Bente Skjellum:

Her er spørsmåla som videoen gir svar på:

Kva er ei bemanningsplan?

Ein bemanningsplan er er ei oversikt eller ei liste over dei stillingane som fins i ei verksemd eller ei avdeling. Det er også ei  ei beskriving av kompetansekrav som krevs til dei ulike stillingane.

Kva ligg i begrepet utvalsområde?

Her handlar det om å peike på dei personane som har rett på ein kartleggingssamtale og bli vurdert opp i mot dei konkrete stillingane.

Kven vel utvalsområdet?

Rådmennene i kvar kommune melder inn kven dei meiner har rett på ein kartleggingssamtale og som tilhøyrer utvalsområdet til dei ulike områda.

Kven gjennomfører kartleggingssamtalane?

Kartleggingssamtalane blir gjennomførte av de nye stabsleiareane og kommunalsjefane for det enkelte området. Dei har med seg ein personalrådgivar i arbeidet.

Er alle stillingar i fri flyt og  alle kan søke på den stillinga dei ønsker seg?

Å bygge nye Ålesund er i ei omstilling der lov om verksemdsoverdraging gjeld. For dei aller fleste stillingar og personar så handlar det om å gå vidare i si opprinnelege stilling med tilbod om ein ny arbeidsavtale.

Korleis gjer prosjektleiinga det om fleire har same stillingstittel og er aktuelle for same stilling?

Det handlar stort sett om stabs- og leiarstillingar som er med i forslaga til bemanningsplanar. Planane skal drøftast med tillitsvalde, det gjeld også kva som er det aktuelle utvalsområdet eller kven som er aktuelle for stillinga. Det blir drøfta kompetansekrav, kriterie for å velje ut – om det til dømes skal vere kompetanse, ansiennitet eller andre sosiale forhold som blir vekta høgst.

Nokre reaksjonar på forslag til organisasjonsplan og bemanningsplan som ligg ute:

  • verksemder som er blitt slåtte saman
  • stillingsstrukturen som er vald
    • det er blant anna kome reaksjonar på avdelingsleiarbegrepet på ein del av stillingane. Begrepet blir brukt i store delar av organisasjonen. Det er nokre stillingar der prosjektleiinga ser at det kan vere nødvendig å ta ei runde til for å sjå om det er andre nemningar eller kodar som er meir riktige.

Vegen vidare:

Det er drøftingsmøte med tillitsvalde 6. februar. Det er først då og etter det, prosjektleiinga tar stilling til endeleg organisasjonsplan og bemanningsplanar (fleire spørsmål under bildet).

tidsplan feb2019

Når er organisasjon og bemanning på plass?

Når prosjektleiar har tatt ei avgjerd, startar perioden med kartleggingssamtalar. Nokre vil oppleve at dei ganske raskt får tilbod om ei ny stilling og får ny arbeidsavtale, medan for andre stillingar er det fleire om beinet og det tar litt tid før det er avgjort kven som får stillinga. Prosjektleiinga arbeider fortsatt etter målet om at dei aller fleste skal vite kvar dei skal jobbe i den nye kommunen innan 1. april.

Spørsmål og innspel?

Ikkje nøl med å ringe eller å skrive ein e-post til prosjektleiar eller assisterande prosjektleiar, snakk med tillitsvalde. Vi vil forsøke å svare så godt vi kan for å redusere den usikkerheita som prosjektleiinga veit naturleg vil vere i organisasjonen no fram til alt er på plass.

Ver merksamme på at dette i stor grad gjeld stabs- og leiarstillingar i administrasjonen. Skolar, barnehager, sjukeheimar og andre tenester skal fortsette drifta inn i ny kommune.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.