Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lokalisering og bemanning - forsinka arbeid

orskog angels tonemolnes cropArbeidet med lokalisering og bemanningsplanar er noko forsinka.  - Vi må ta den tida vi og tillitsvalde treng, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik.

Prosjektet er inne i krevjande oppgåver for å få på plass alt som må vere i orden før arbeidet med innplasseringa av tilsette kan fortsetje, og lokaliseringa av tenestene som skal plasserast i dei ulike rådhusa framoverer på plass.  Det er mange detaljar å halde orden på. 

- Vi må få god oversikt over status i dei ulike kommunane, noko som er eit viktig ledd i arbeidet med organisering, bemanning, kompetansekrav og stillingskodar, seier prosjektleiaren. Vi må bruke den tida vi treng i dette arbeidet for å få alle brikkar på plass.  Likeså er det viktig at tillitsvalde som utgjer drøftingsmøtet, får nødvendig tid til å førebu seg til drøftinga av desse viktige tema som vedkjem tilsette.  Tillitsvalde kjem med mange gode innspel både undervegs i ulike grupper og i dei formelle organa. Desse innpela må det lyttast til.  Dette gjer også at vi må ta den tida vi treng.

Drøftingsmøtet 6. februar handla om organiseringa under kommunalsjefane. Organiseringa av stabsområda vil bli drøfta på møte den 13. februar. Drøftinga om bemanningsplanar med kompetansekrav og stillingskodar blir er utsett til eit eige møte 13. februar.

6. februar er også fristen for rådmennene til å oppdatere listene over tilsette og den noverande bemanninga. Før 13. februar skal styringsgruppa for personal og organisasjon utarbeide forslag til utvalsområde for stabs- og leiarstillingane saman med kommunal- og stabssjefane.

Kartleggingssamtalar i leiarstillingar og stabsstillingar vil starte i februar etter at utvalsområda er ferdigdrøfta.

Når drøftingsmøta er ferdige vil prosjektleiar lande den endelege organisasjonsplanen og bemanningsplanane. Endeleg drøfting på organisasjonsplan med bemanning, kompetansekrav og stillingskodar, vil skje 22. februar.

(Artikkelen forset under illustrasjonen)

detaljert framdriftsplan oppdatert

Lokalisering

Arbeidet med lokalisering av tenesteområda er også forsinka. Lokaliseringsgruppa treng noko meir tid på arbeidet sitt.  Dette vil ikkje endre dato for endeleg behandling av saka i fellesnemnda 4. april.

Forslaget frå lokaliseringsgruppa vil sannsynlegvis bli ferdig neste veke og så sendt til tillitsvalde. Det blir drøftingsmøte med tillitsvalde i mars før partssamansett utval og arbeidsutvalet får det til behandling 20. mars. Fellesnemnda skal behandle lokaliseringa 4. april.

Lokaliseringsgruppa har arbeidd med lokalisering i tråd med intensjonsavtalen og innspel frå høyringsrunden.

Lokaliseringsgruppa sitt forslag landa desse konklusjonane så langt:

  • Alle omsorgssentra, skolar, barnehagar og andre tenester som har utebasar, blir lokaliserte der dei er i dag. Den einaste endringa kan vere at nokre av verksemdsleiarane får endra ansvarsområde og lokalisering.
  • På rådhuset i Ålesund blir rådmann, assisterande rådmann, kommunalsjefar og stabssjefar. Det blir ein fagstab rundt kommunal- og stabssjefar.
  • Alle rådhusa får tildelt funksjonar på vegne av heile kommunen.
  • Det blir lagt opp til ein modell som ivaretar både desentraliserte arbeidsplassar rundt om i kommunesentra og samlokalisering av fagmiljø.


lokalisering framdriftsplan

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.