Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Program for fellesnemnda

Sunnmore museumFellesnemnda skal blant anna vurdere om nye Ålesund skal være med i prosjektet for felles helseplattform og diskutere korleis tilsettingar i kommunale føretak skal gjerast fram mot samanslåinga.

Møtet i fellesnemnda er 14. februar frå klokka 09.00 - 15.00 på Sunnmøre museum i Borgundgavla i Ålesund. Fellesnemnda får ei rekke orienteringar før behandlinga av saker starter vel klokka 12.30. Behandlinga av saker vil bli streama på Ålesund kommunes web-tv. Fellesnemnda består av fem politiske representantar frå kvar kommune som skal slå seg saman 1. januar 2020.

Program

Kl. 09.10: Orientering frå Næringsforeningen Ålesundregionen v/Bente Lund Jacobsen
Kl. 09.40: Orientering om prinsipp for eigarskap v/kommuneadvokat Olav Årø
Kl. 10.00: Orientering om status og framdrift i prosjektet v/prosjektleiar Astrid J. Eidsvik
Kl. 10.45: Orientering frå Sunnmøre museum v/Ragna Dahl Grønnevet og styreleiar i Stiftelsen kulturkvartalet Anne Dyb Liaaen. Synfaring – Båthallen m.v
Kl. 11.45: LUNSJ
Kl. 12.15: Orientering om Helseplattformen v/Therese Furuset Hoel
Ca. kl. 12.40: Saker til behandling:

  • Godkjenning av innkallling, sakliste og møteprotokoll
  • Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll
  • Prosjekt felles helseplattform - nye Ålesund kommune og øvrige kommunar på Nordre Sunnmøre
  • Styringsdokument- Slik byggjer vi nye Ålesund kommune- revidering
  • Tilsettingar i kommunale føretak

Felles helseplattform

Programmet Helseplattformen (www.helseplattformen.no) skal kjøpe og innføre ny pasientjournal ved sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge. Helse Midt-Norge og Trondheim kommune er hovudaktørar i kjøpet, og alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Helseplattformen er også ein regional pilot for den nasjonale målsettinga «Én innbygger – én journal». Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta.

Om nye Ålesund kommune skal delta i prosjektet, så blir det på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Dette prosjektet har også ei rolle i det felles prosjektet i Midt-Norge. Prosjektdeltakinga vil kreve intern prioritering av ressursar i helse- og omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Prosjektleiinga understrekar at deltaking i prosjektet krev intern prioritering av ressursar, og ber om at nemnda gir prosjektleiar fullmakt til å prioritere prosjektet.

Partssamansett utval (arbeidsgivar, tilsette og verneombod) og arbeidsutvalet(ordførarane) innstilte i sine møte 7. februar, på at nye Ålesund skal delta i det felles prosjektet for Helseplattformen.

Tilsettingar i kommunale føretak

Partssamansett utval og arbeidsutvalet (AU) behandla eit forslag frå prosjektleiinga om å delegere tilsettingar av daglege leiarar i dei kommunale føretaket frå fellesnemnda til arbeidsutvalet. Dette gjeld dei føretaka som skal etablerast i nye Ålesund kommune frå og med 01.01.2020.

AU tok ikkje stilling til forslaget om delegering i møtet, men ba om at prosjektleiar før møtet i fellesnemnda går i ein dialog med styra for dei kommunale føretaka for å få innspel til den vidare prosessen.  AU ba også om at prosjektleiar legg fram ei nærare juridisk avklaring om kven som har mynde til tilsetting av dagleg leiar i kommunale føretak i samanslåingsprosessen.

Sakspapira til møtet finn du på nyealesund.no > Politikk > Møteplan og det aktuelle møtet.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.