Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ja til helseplattform

fellesnemnd sunnmore museum 140219Fellesnemnda vedtok at nye Ålesund skal delta i Helseplattformen og avgjorde korleis tilsettingar i kommunale føretak skal gjerast fram mot den nye kommunen formelt er i drift, 1. januar 2020.

Fellesnemnda hadde sitt møte på Sunnmøre museum og fekk også omvisning på museet.

Fellesnemndmøtet begynte med fleire orienteringar:

  • Næringsforeningen Ålesundregionen v/Bente Lund Jacobsen
  • Prinsipp for eigarskap v/kommuneadvokat Olav Aarø
  • Status og framdrift i prosjektet v/prosjektleiar Astrid J. Eidsvik
  • Sunnmøre museum v/Ragna Dahl Grønnevet og styreleiar i Stiftelsen kulturkvartalet Anne Dyb Liaaen
  • Om Helseplattformen  - i samband med behandling av saken v/Therese Furuset Hoel

Felles helseplattform

Fellesnemnda vedtok einstemmig at nye Ålesund deltar i det felles prosjektet Helseplattformen (www.helseplattformen.no).

Prosjektet skal kjøpe og innføre ny pasientjournal ved sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge. Helse Midt-Norge og Trondheim kommune er hovudaktørar i kjøpet, og alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Helseplattformen er også ein regional pilot for den nasjonale målsettinga «Én innbygger – én journal». Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta.

Nye Ålesund kommune deltar i prosjektet på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Dette prosjektet har også ei rolle i det felles prosjektet i Midt-Norge. Prosjektdeltakinga vil kreve intern prioritering av ressursar i helse- og omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Prosjektleiinga understrekar at deltaking i prosjektet krev intern prioritering av ressursar, og ber om at nemnda gir prosjektleiar fullmakt til å prioritere prosjektet.

Partssamansett utval (arbeidsgivar, tilsette og verneombod) og arbeidsutvalet(ordførarane) innstilte i sine møte 7. februar på at nye Ålesund skal delta i det felles prosjektet for Helseplattformen.

Tilsettingar i kommunale føretak

Fellesnemndas vedtok å delegere til arbeidsutvalet i nye Ålesund å tilsette daglege leiarar i dei kommunale føretaka som skal etablerast i nye Ålesund kommune frå og med 01.01.20202. Fellesnemnda i nye Ålesund ber prosjektleiar om å førebu sak om tilsetting, og om at saka vert lagt fram for AU i møte 20.

Fellesnemnda gjorde vedtaket etter at partssamansett utval og arbeidsutvalet (AU) behandla forslaget om delegering frå prosjektleiinga.

AU tok ikkje stilling til forslaget om delegering i møtet, men ba prosjektleiar om å snakke med styra før møtet i fellesnemnda for å få innspel til den vidare prosessen.  AU ba også om at prosjektleiar om ei nærare juridisk avklaring om kven som har mynde til tilsetting av dagleg leiar i kommunale føretak i samanslåingsprosessen. Prosjektleiar har før møtet i fellesnemnda vore i kontakt med alle styra, som støtta framlegget - og har sørga for juridisk avklaring.

Sakspapira og protokollen etter møtet finn du på nyealesund.no > Politikk > Møteplan og det aktuelle møtet.

Opptak av møtet blir lagt ut i etterkant.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.