Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ein nynorskkommune, kva betyr det?

ordskyNye Ålesund skal vere nynorskkommune, men det betyr ikkje at alle innbyggarar, skolar og tilsette må skrive nynorsk. Les meir i artikkelen.

I intensjonsavtalen har politikarane vedtatt reglar for målbruk i nye Ålesund kommune. Mange er usikre på kva reglane betyr for dei. 

Her er reglane som gjeld i følge avtalen og som også følger målloven:

Krav til svar

Alle som skriv til kommunen, har krav på å få svar på den målforma som er brukt i skrivet. Hvis kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står kommunen fritt i val av språkform. Dette er i samsvar med mållovas § 6.

Tilsette

Tilsette kan bruke bokmål i sitt daglege arbeid, for eksempel i referat, notatar og rapportar og i skriv til innbyggarane der det ikkje er krav til ei bestemt målform.

I saksutgreiingar som skal til politisk behandling, protokollar frå møte i folkevalde og administrative organ skal det brukast nynorsk. Skriftlege forslag til vedtak som blir fremma i møte, skal førast inn i protokollen på den målforma forslaget er skrive på.

Skolar

Grunnskolane skal fortsette med den målforma dei har når nye Ålesund formelt slåast saman 1. januar 2020. Endringar kan først skje etter eit nytt vedtak.

Nynorsk

Kommunen skal bruke nynorsk i:

  • utforminga av internett og interne nettsider
  • informasjonsmateriell og kunngjeringar (annonsering)
  • lokale forskrifter, reglement og retningslinjer

Reglane for målbruk i nye Ålesund kommune ligg som vedlegg til intensjonsavtalen på nettsidene.

Klart språk

Det viktigaste er at ein uansett om ein brukar bokmål eller nynorsk, skriv eit språk som er forståeleg og ikkje er prega av faguttrykk.

Under fana For tilsette finn du verktøy og råd for å skrive eit klart og godt språk på begge målformer.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.