Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Snart frist for breibandsanbod

Luminell_to som arbeider. Foto av Tone Molnes4. mars er det frist for å levere tilbod i anbodskonkurransen for å bygge ut breiband til innbyggarane i nye Ålesund. Konkurransen er justert etter at kommersielle aktørar har meldt si interesse for utbygging.

 

Nye Ålesund har ute ein anbodskonkurranse for å bygge ut breiband til innbyggarane i nye Ålesund kommune der det ikkje er kommersielt lønsamt for breibandsleverandørane å gjere dette aleine. Når kommersielle aktørar viser interesse for å bygge ut i område som opprinneleg var med i konkurransen, så må desse trekkast frå konkurransen.

- Det er bra at fleire leverandørar er interesserte i å bygge ut breiband i nye Ålesund, sier påtroppande stabssjef for teknologi og innovasjon, Helge Veum.

Helge veum web

 

 

 

 

Områda som er trekte frå konkurransen er:

Hamsund - Gryta, Gryta - Slyngstad og Hildre på fastlandet i Haram. Her har Telenor varsla at dei bygger ut.

I tillegg er det nokre område som ikkje er med i konkurransen fordi det er kommersielle aktørar på bana:

Nordvestnett har planar om å bygge ut breiband på heile Fjørtofta, medan Telenor har planar om å bygge ut på Lepsøya, delar av Haramsøya og Flemsøya/Skuleøya. Grovt sett gjeld dette området rundt Austnes på Haramsøy og Longva på Flemsøy/Skuløya.

Her er kart over alle områda som er med i anbodskonkurransen (artikkelen forset under illustrasjonen):

anbodskart breibandutbygging

Oppdatert liste over områda som er med i anbodskonkurransen

  • Hellestranda i Haram
  • Kalvøya i Haram
  • Hellandshamn, Håvika, Skulstad, Remme, Samfjorden i Haram
  • Krogsætra i Haram
  • Vestrefjorden i Haram
  • Skor, Ertresvågen og Grøt i Haram
  • Bjørnøya i Haram
  • Skjeltene - Hildre i Haram (reduksjon og nytt kartutsnitt publisert for leverandørar 1. februar)
  • Sandøy kommune (utan Harøy, Finnøy og Sandøy der det er kommersielle interesser)
  • Fylling/Hjelen i Skodje
  • Håem/Glomset/Heggbakk i Skodje
  • Svorta i Skodje
  • Straumen i Skodje
  • Reiakvam i Skodje
  • Utvika/Ellingsøyfjorden i Skodje (korrigert kartutsnitt publisert for leverandørar i januar)
  • Stavset/Steinset i Skodje
  • Skar/Erstad/Grasdal i Skodje
  • Engeset i Skodje
  • Skarbø - Vestre i Ørskog
  • Vaksvika i Ørskgo
  • Gausneset i Ørskog
  • Barlindhaugen i Ørskog
  • Tyssegardane i Ørskog
  • Taftasundet i Ålesund
  • Magerholm/Hesseberg i Ålesund

Føregangskommune

Nye Ålesund kommune har intensjon om å vere ein føregangskommune innan digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.

- At innbyggarane har tilgang på breiband i heimen er viktig for å oppnå dette. Det er også viktig med breibandsutbygging for at innbyggarane skal kunne delta aktivt i det digitale samfunnet både når det gjeld skolearbeid, i jobb og at dei kan busette seg der dei ønsker, seier Veum.

Behov for finansiering

I intensjonsavtalen for nye Ålesund står det at den nye kommunen skal bruke inntil 30 millionar på breibandsutbygging, men Veum seier det framleis må eit politisk vedtak til:

-    At den nye kommunen går ut med denne kunngjeringa, betyr ikkje at det er sikkert at alle områda blir utbygde. Dei totale kostnadane ser vi først når vi har fått tilbod frå utbyggarane. Politikarane må også vedta å bruke desse pengane til breibandsutbygging. Fellesnemnda behandler denne saken i april 2019.

Nye Ålesund vil i hovudsak prioritere utbygging av område ut ifrå kvar pengane kjem best til nytte.

Framdriftsplan

Val av leverandørar blir gjort i løpet av april.

Forventa utbyggingsperiode er fram til utgangen av 2021.

NKOM-midlar til nokre områder

Kommunane i nye Ålesund er også tildelt pengar frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å gjennomføre breibandsutbygging. Dette er ei tilskotsordning frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM), som skal sørge for tilskot til breibandsutbygging der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å bygge ut.

Nye Ålesund har fått eingongstilskot til utbygging i områda:

  • Hellestranda, Haram
  • Fylling/Hjelen, Skodje
  • Skarbø-Vestre, Ørskog

Forventa tilskot er på 3,9 millionar kroner. Utbygging av desse områda blir prioritert høgst.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.