Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Abeidet med kommunereform fortset

kystverketTorsdag 10. november skal styringsgruppa for nye Ålesund ha sitt andre møte. Denne gangen i Ålesund i Kystverket sitt lokale.

Styringsgruppa består av fem politikarar frå kvar av kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund – og no er også Ørskog med etter eit formannskapsvedtak der det blei bestemt at Ørskog skal sjå mot nye Ålesund. I tillegg er rådmennene med i gruppa og når det er naudsynt blir andre fagsjefar innkalla, som tildømes personal- og økonomisjef.

Tillitsvalde frå alle kommunane er med som observatørar og er dermed informerte om kva som skjer i prosessen.

I møtet på torsdag er det mykje intern organisering som skal diskuterast:

Politikarar, tillitsvalde og folk fra administrasjonane i dei fire kommunane var på oppstartseminar med KS på Gardermoen 31. oktober – 1. november. Der var rundt 60 kommunar med gjensidige vedtak om samanslåing samla. KS har starta ei seminarrekke for å hjelpe kommunane i prosessen  og dette var første seminar.

Alle presentasjonane og videoar frå oppstartseminaret finn du her:

Styringsgruppa skal gå gjennom dei innspilla som blei gitt på Gardermoen før dei konsentrerer seg om organiseringa av arbeidet fram til fellesnemnda er på plass. Fellesnemnda blir oppretta etter at Stortinget har gjort sitt vedtak om kva for  kommunar som skal slå seg saman. Det skjer i løpet av våren 2017. Fram mot vedtaket skal det lagast ein prosjektplan for omstillingsprosessen. Den første planen blei presentert på første møte i Skodje. På dette møtet blir den justerte planen presentert.  

Styringsgruppa skal også diskutere sitt eige mandat og eit mogleg reglement for ei framtidig fellesnemnd.I dette arbeidet ligg også å velje leiar for styringsgruppa, nestleiar og eit moleg arbeidsutval, samt å diskutere viktige arbeidsoppgåver framover. Styringsgruppa skal og ta stilling til om det skal opprettast ei prosjektkoordinatorstilling fram til vedtaket i Stortinget.

På møtet på torsdag blir også dei interkommunale samarbeida diskuterte.

Møtet blir halde på Kystverket sitt kontor på Skansekaia og startar med ein kort presentasjon av Kystverket ved kystdirektøren.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.