Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Om lokalisering og bemanning

Tilsette som dyrkar og plantar Foto PederOttoDybvikFekk du ikkje vere på eit av informasjonsmøta med prosjektleiar Astrid Eidsvik i slutten av februar? Vi har samla nokre av spørsmåla og svara frå møta i ein videosnutt.

I slutten av februar var prosjektleiar/rådmann Astrid Eidsvik rundt i alle dei fem kommunane og snakka om forslaget til lokalisering som ligg ute til høyring og bemanningsplanane. Ho fekk mange spørsmål på møta og her har vi samla nokre av dei. Astrid begynner med å snakke om arbeidet med lokalisering. Intervjuar er Anne Bente Skjellum. (artikkelen fortset etter videoen).

Spørsmål

Om du har andre spørsmål, kan du ta kontakt med prosjektleiinga, din nye stabs- eller kommunalsjef eller ein tillitsvald.

Dette er blant spørsmåla som du får svar på i videoen:

  • Kva vurderingar ligg i botn for lokaliseringsforslaga?
  • Korleis ivareta fagmiljø som får fleire lokaliseringar?
  • Hvis forslaget gir deg  farbeidsplass ein annan stad enn der du bur, korleis blir dette reint praktisk?
  • Kva er ein mobil arbeidsplass?
  • Kva er stadbundne tenester?
  • Kva skal ligge i innbyggartorga?
  • Kva type bemanningsplan er det som er ute til høyring?
  • Klarer ein halde fristen om innplassering av tilsette før 1. april?
  • Korleis foregår kartleggingssamtalane?

Framdriftsplan

Her er framdriftsplan når det gjeld lokalisering og bemanning.

framdritsplan feb mars 2019

Bildet viser i kva møte dei forskjellige planane skal opp til diskusjon.

  • 11. mars var forslaget til lokalisering oppe til drøfting med tillitsvalde.
  • 20. mars skal partssamansett utval (PSU) som består av tillitsvalde og arbeidsgivarar, og arbeidsutvalet (AU) som bestar av ordførarane behandle forslaget til lokalisering.
  • Lokaliseringsforslaget skal endeleg behandlast og avgjerast i fellesnemdas møte 4. april.
  • Alle tilsette skal vere innplasserte 1. april.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.