Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lokalisering og daglege leiarar

ill sakspapirPartssamansett utval og arbeidsutvalet skal behandle lokalisering av kommunale tenester og organisering av NAV på sine møte 20. mars. I tillegg skal arbeidsutvalet behandle tilsetting i tre kommunale føretak.

Dei to utvala har møte på Skodje rådhus, 20. mars. Partssamansett utval har representantar frå tillitvalde og arbeidsgivar frå alle kommunane. Deira møte er klokka 09.00 - 10.45

Arbeidsutvalet består av ordførarane i dei fem kommunane. Tilsettingsmøtet er frå klokka 11.00 - 11.30. Dette møtet er ikkje ope. Det ordninære møtet er frå klokka 12.00 - 15.00.

Lokalisering av tenester

Begge utvala skal behandle pdfprosjektleiars forslag til lokalisering av tenester i den nye kommunen. Forslaget gjeld geografisk plassering av funksjonar innen det som ikkje er stadbundne tenester. Dette er tenester som til dømes skolar, sjukeheimar, barnehagar, helestenester, utestyrker og beredskap med meir. Desse basistenestene vil vere lokaliserte som før. Stadbundne tenester kan også vere tenester som naturleg bør lokaliserast for å sikre innbyggarane eit tilbod lokalt. Det er til dømes tenester som helsesøster, jordmor, kulturskoletilbod og bibliotek med meir.

I forslaget er det tatt omsyn til intensjonsavtalen der ambisjonen er at tenestene skal vere tilgjengelege for innbyggarane samtidig som nye Ålesud har eit mål om å bygge robuste/sterke fagmiljø som er tverrfagleg orienterte. Det er og eit ønske om å fordele administrative stillingar mellom de ulike delane av den nye kommunen. Intensjonsavtalen er klar på at den strategiske leiinga skal vere samla kring rådmann og ordførar ved rådhuset i Ålesund.

Du kan lese meir i sakspapira.

Organisering og lokalisering av NAV

Prosjektleiar rår til at NAV Ålesund blir organisert med sju ulike avdelingar med ei lokalisering på to basar - Ålesund sentrum og Brattvåg. Innstillinga frå prosjektleiar er basert på innspela frå styringsgruppa som har arbeidd med dette temaet.  Prosjektleiar understreker kor viktig det vil vere at NAV lukkast med den arbeidsmetodikken som er skissert for å nå innbyggarane som har behov for tenestene til NAV. Det må leggast stor vekt på fleksibilitet hos dei tilsette for å ha brukarfokuset.

Lokalisering

NAV ser for seg at brukarar kan nytte seg av NAV-tenester på innbyggartorg i dei tidlegare rådhusa om nødvendig. Der vil ein ha samtalar og tilgjengelege pc-ar for brukarar som kan nyttast til å søke om teneste eller stønadar. Å ha innbyggartorga som ein kanal for NAV-tenester vil vere viktig for å kunne oppleve at tenestene blir levert i heile kommunen.

For å nå brukarane må det vere ein kombinasjon av nærleik og digitale løysingar. Nokre innbyggarar vil oppleve avstand som utfordrande ved behov for oppmøte. Dette gjeld spesielt øysamfunna i Haram og Sandøy kommunar og delar av Ørskog kommune. Det er spesielt viktig at innbyggarane ikkje vil oppleve ny organisering og lokalisering som lite brukarvenleg. Innbyggartorga og desentraliserte tenester ut mot innbyggarane blir derfor viktig.

Nærleik kan bety at tenestene er tilgjengelege for brukar der brukaren er - i heile kommunen. Gjennom digitalisering og oppsøkande oppfølging, kan ein få nærleik i eit omfang vi ikkje har hatt tidlegare. Nærleik kan óg vere lokalisasjonar knytt til kor ein kan etterspørje NAV-tenester.

I nye NAV Ålesund har alle medarbeidarar berbar pc og mobiltelefon, noko som inneber at tenestene kan leverast stort sett over alt der det er mobildekking. I tillegg vil dei fleste av tenestene og kommunikasjonskanalane vere digitale. Dette gir moglegheiter til å kunne vere nær og yte teneste ved oppsøkande verksemd i heile kommunen.

Avdelingar

NAV foreslår å organisere NAV Ålesund med sju avdelingar.

  • Det er tenkt at  5 avdelingar har arbeidsretta brukaroppfølging som si kjerneverksemd (avdeling 1 – 5).
  • Avdeling 6 - Tiltak i eigenregi - er ei spesialisert avdeling der avdelingane 1 - 5 kan søke/bestille tiltak til brukarar (jobbspesialistar og ungdomstiltak).
  • Avdeling 7 - er ei avdeling som skal ha som oppgåve økonomiforvaltning, gjeldsrådgjeving og frivillig forvaltning.

I tillegg kjem administrative støttefunksjonar som: IKT- ansvarleg for drift og støtte, rapportering og HR, støttefunksjonar til leiar.

Korleis ein fordeler oppgåver og ansvar i dei ulike avdelingane vil ein arbeide vidare med.

Kvar avdeling skal ha ca. 15 - 20 tilsette.

Du kan lese meir om lokalisering og organisering av NAV i sakspapira.

Tilsetting i kommunale føretak

Arbeidsutvalet vil i første del av møtet sitt fungere som tilsettingsutval og behandel tilsetting av dagleg leiar i dei tre kommunale føretaka: Ingebrigt Davik-huset, Ålesund kommunale eiendom og Brann og redning 110. Desse sakene er ikkje offentlege før dei er ferdigbehandla.

Andre saker

I det ordinære møtet som starter klokka 12.00, vil prosjektleiar orientere om aktuelle saker i prosjektarbeidet og mellom anna vise presentasjonen "Kunsten av å feire".

Finansiering av brebandsutbygging

Prosjektorganisasjonen har mottatt tilbod på utbygging av breiband til innbyggarane i nye Ålesund og legg fram ei sak om finansiering av utbygginga for arbeidsutvalet. Sidan desember har det vore utlyst ein konkurranse om breibandsutbygging. Fristen for tilbod var sett til 4. mars og nye Ålesund mottok tilbod frå to utbyggarar innan fristen.

Utlysinga bygger på intensjonsavtalen som seier at inntil 30 millionar av tilskota til kommunereformen skal brukast til å bygge ut fiber i alle delar av den nye kommunen der dette ikkje er kommersielt lønnsamt.

Dei følgande områda inngår i konkurransen:

  • Hellestranda i Haram
  • Kalvøya i Haram
  • Hellandshamn, Håvika, Skulstad, Remme, Samfjorden i Haram
  • Krogsætra i Haram
  • Vestrefjorden i Haram
  • Skor, Ertresvågen og Grøt i Haram
  • Bjørnøya i Haram
  • Skjeltene - Hildre i Haram (reduksjon og nytt kartutsnitt publisert for leverandørar 1. februar)
  • Sandøy kommune (utan Harøy, Finnøy og Sandøy der det er kommersielle interesser)
  • Fylling/Hjelen i Skodje
  • Håem/Glomset/Heggbakk i Skodje
  • Svorta i Skodje
  • Straumen i Skodje
  • Reiakvam i Skodje
  • Utvika/Ellingsøyfjorden i Skodje (korrigert kartutsnitt publisert for leverandørar i januar)
  • Stavset/Steinset i Skodje
  • Skar/Erstad/Grasdal i Skodje
  • Engeset i Skodje
  • Skarbø - Vestre i Ørskog
  • Vaksvika i Ørskog
  • Gausneset i Ørskog
  • Barlindhaugen i Ørskog
  • Tyssegardane i Ørskog
  • Taftasundet i Ålesund
  • Magerholm/Hesseberg i Ålesund

Områda Hamsund – Gryta og Gryta – Slyngstad i Haram var og med i utlysninga, men blei trekt då ein utbyggar meldte at dei ville bygge ut området kommersielt. Av same grunn blei óg området Skjeltene – Hildre redusert undervegs.

Du kan lese meir i sakspapira.

Du finn sakspapira til begge møta under Politikk>møteplan og gjeldande møte. Sakene skal endeleg behandlast i fellesnemnda sitt møte 4. april.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.