Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilsettingar i kommunale føretak

illustrasjon som viser sakspapirPartssamansett utval og arbeidsutvalet behandla lokalisering av kommunale tenester og organisering av NAV på sine møte 20. mars. I tillegg blei det gjort tilsetting i kommunale føretak.

Dei to utvala hadde møte på Skodje rådhus, 20. mars.

Tilsettingar i kommunale føretak

Arbeidsutvalet tilsette daglege leiarar i dei kommunale føretaka: Ingebrigt Davik-huset, eigedomsføretaket og føretaka Brann og redning og 110-sentralen.

Eigedomsføretaket

Bjørnar Helland får tilbod om stillinga som dagleg leiar i kommunalt føretak for eigedom i
nye Ålesund kommune gjeldande frå og med 1. januar 2020. Helland er no dagleg leiar for Ålesund kommunale eiendom.
Dersom Helland takkar nei til stillinga, vurderer arbeidsutvalet om stillinga skal lysast ut. Dagleg leiar får delegert mynde frå AU til å gjennomføre innplassering av tilsette i stillingane som skal ligge i føretaket.

Brann og redning og 110-sentralen

Geir Thorsen får tilbod om stillinga som dagleg leiar/brannsjef  og leiar for 110-sentralen i nye Ålesund kommune
gjeldande frå og med 1. januar 2020. Han har dei same stillingane som brannsjef i Ålesund i dag. Dersom Thorsen takkar nei til stillinga, blir saka sendt tilbake til prosjektleiar og arbeidsutvalet for vurderingom stillinga skal lysast ut. Dagleg leiar får delegert mynde frå AU til å gjennomføre innplassering av tilsette i stillingane som skal ligge i føretaket.

Ingebrigt Davik-huset

Kjetil Heggdal som i dag er tilsett som dagleg leiar ved Ingebrigt Davik-huset (ID-huset) iHaram kommune, blir dagleg leiar ved ID-huset i nye Ålesund kommune frå og med 1. januar 2020.

Lokalisering av tenester

Begge utvala behandla pdfprosjektleiars forslag til lokalisering av tenester i den nye kommunen. Forslaget blei tilrådd einstemmig .

Forslaget gjeld geografisk plassering av funksjonar innen det som ikkje er stadbundne tenester. Dette er tenester som til dømes skolar, sjukeheimar, barnehagar, helestenester, utestyrker og beredskap med meir. Desse basistenestene vil vere lokaliserte som før. Stadbundne tenester kan også vere tenester som naturleg bør lokaliserast for å sikre innbyggarane eit tilbod lokalt. Det er til dømes tenester som helsesøster, jordmor, kulturskoletilbod og bibliotek med meir.

Endringar og protokollføringar

Kvar tettstad skal ha sitt innbyggartorg. På PSU-møtet blei det etterlyst ei framdriftsplan for korleis arbeidet med etablering av innbyggartorget skal foregå. Det var også ønske at lokale utval skal vere med i arbeidet med å sette rammene for innbyggartorget. Det blei difor lagt inn eit nytt punkt i saken:

Det opprettast lokale utval i kvar kommune som skal involverast i utforminga av innbyggartorga. Prosjektleiar utarbeidar ein framdriftplan for etableringa av dei lokale innbyggartorga til neste møte i Partsamansett utval (PSU) 8. mai. Denne skal vise korleis dei lokale utvala skal involverast i prosessen.

To innspel frå tillitsvalde blei protokollført og følger saken vidare til behandling i fellesnemnda:

Det eine gjaldt kommunalområdet miljø, by- og stadutvikling og fordelinga av tilsette på plan og bygning mellom 40 i Ålesund og 35 i Brattvåg. Forslaget frå styringsgruppa, var ei fordeling på 50 i Ålesund og 25 i Brattvåg. Denne fordelinga gjeld heile kommunalområdet. Innspelet er: Det blir presisert at samla tall for kommunalområde miljø, by- og stadsutvikling skal brukast som ramme for nærmare detaljarbeid med korleis dei samla fagmiljøa i Ålesund og Haram kan settast sammen på en tverrfaglig og god måte.

Det andre innspelet gjaldt opplæring der fagstab knytt til forvaltning og kompetanse og delar av PPT skal vere lokalisert på Sjøholt. Team kultur og oppvekst og PPT i Ålesund ønsker at ein ser på kostnadane ved transport frå Ørskog sidan rådgivarane ofte er ute på verksemdbesøk.

I forslaget til lokalisering er det tatt omsyn til intensjonsavtalen der ambisjonen er at tenestene skal vere tilgjengelege for innbyggarane samtidig som nye Ålesund har eit mål om å bygge robuste/sterke fagmiljø som er tverrfagleg orienterte. Det er óg eit ønske om å fordele administrative stillingar mellom de ulike delane av den nye kommunen. Intensjonsavtalen er klar på at den strategiske leiinga skal vere samla kring rådmann og ordførar ved rådhuset i Ålesund.

Du kan lese meir i sakspapira.

Organisering og lokalisering av NAV

PSU og AU tilrår einstemmig forslaget frå NAV om at NAV Ålesund blir organisert med sju ulike avdelingar med ei lokalisering på to basar - Ålesund sentrum og Brattvåg. Innstillinga frå prosjektleiar er basert på innspela frå styringsgruppa som har arbeidd med dette temaet.  Prosjektleiar understreker kor viktig det vil vere at NAV lukkast med den arbeidsmetodikken som er skissert for å nå innbyggarane som har behov for tenestene til NAV. Det må leggast stor vekt på fleksibilitet hos dei tilsette for å ha brukarfokuset.

Lokalisering

NAV ser for seg at brukarar kan nytte seg av NAV-tenester på innbyggartorg i dei tidlegare rådhusa om nødvendig. Der vil ein ha samtalar og tilgjengelege pc-ar for brukarar som kan nyttast til å søke om teneste eller stønadar. Å ha innbyggartorga som ein kanal for NAV-tenester vil vere viktig for å kunne oppleve at tenestene blir levert i heile kommunen.

For å nå brukarane må det vere ein kombinasjon av nærleik og digitale løysingar. Nokre innbyggarar vil oppleve avstand som utfordrande ved behov for oppmøte. Dette gjeld spesielt øysamfunna i Haram og Sandøy kommunar og delar av Ørskog kommune. Det er spesielt viktig at innbyggarane ikkje vil oppleve ny organisering og lokalisering som lite brukarvenleg. Innbyggartorga og desentraliserte tenester ut mot innbyggarane blir derfor viktig.

Nærleik kan bety at tenestene er tilgjengelege for brukar der brukaren er - i heile kommunen. Gjennom digitalisering og oppsøkande oppfølging, kan ein få nærleik i eit omfang vi ikkje har hatt tidlegare. Nærleik kan óg vere lokalisasjonar knytt til kor ein kan etterspørje NAV-tenester.

I nye NAV Ålesund har alle medarbeidarar berbar pc og mobiltelefon, noko som inneber at tenestene kan leverast stort sett over alt der det er mobildekking. I tillegg vil dei fleste av tenestene og kommunikasjonskanalane vere digitale. Dette gir moglegheiter til å kunne vere nær og yte teneste ved oppsøkande verksemd i heile kommunen.

Avdelingar

NAV foreslår å organisere NAV Ålesund med sju avdelingar.

  • Det er tenkt at  5 avdelingar har arbeidsretta brukaroppfølging som si kjerneverksemd (avdeling 1 – 5).
  • Avdeling 6 - Tiltak i eigenregi - er ei spesialisert avdeling der avdelingane 1 - 5 kan søke/bestille tiltak til brukarar (jobbspesialistar og ungdomstiltak).
  • Avdeling 7 - er ei avdeling som skal ha som oppgåve økonomiforvaltning, gjeldsrådgjeving og frivillig forvaltning.

I tillegg kjem administrative støttefunksjonar som: IKT- ansvarleg for drift og støtte, rapportering og HR, støttefunksjonar til leiar.

Korleis ein fordeler oppgåver og ansvar i dei ulike avdelingane vil ein arbeide vidare med.

Kvar avdeling skal ha ca. 15 - 20 tilsette.

Du kan lese meir om lokalisering og organisering av NAV i sakspapira.

Finansiering av breibandsutbygging

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda sluttar seg til framlegget om finansiering av breibandsutbygging som ble lagt fram på møtet.

Prosjektorganisasjonen har mottatt tilbod på utbygging av breiband til innbyggarane i nye Ålesund og legg fram ei sak om finansiering av utbygginga for arbeidsutvalet. Sidan desember har det vore utlyst ein konkurranse om breibandsutbygging. Fristen for tilbod var sett til 4. mars og nye Ålesund mottok tilbod frå to utbyggarar innan fristen.

Utlysinga bygger på intensjonsavtalen som seier at inntil 30 millionar av tilskota til kommunereformen skal brukast til å bygge ut fiber i alle delar av den nye kommunen der dette ikkje er kommersielt lønnsamt.

Dei følgande områda inngår i konkurransen:

  • Hellestranda i Haram
  • Kalvøya i Haram
  • Hellandshamn, Håvika, Skulstad, Remme, Samfjorden i Haram
  • Krogsætra i Haram
  • Vestrefjorden i Haram
  • Skor, Ertresvågen og Grøt i Haram
  • Bjørnøya i Haram
  • Skjeltene - Hildre i Haram (reduksjon og nytt kartutsnitt publisert for leverandørar 1. februar)
  • Sandøy kommune (utan Harøy og Finnøy der det er kommersielle interesser)
  • Fylling/Hjelen i Skodje
  • Håem/Glomset/Heggbakk i Skodje
  • Svorta i Skodje
  • Straumen i Skodje
  • Reiakvam i Skodje
  • Utvika/Ellingsøyfjorden i Skodje (korrigert kartutsnitt publisert for leverandørar i januar)
  • Stavset/Steinset i Skodje
  • Skar/Erstad/Grasdal i Skodje
  • Engeset i Skodje
  • Skarbø - Vestre i Ørskog
  • Vaksvika i Ørskog
  • Gausneset i Ørskog
  • Barlindhaugen i Ørskog
  • Tyssegardane i Ørskog
  • Taftasundet i Ålesund
  • Magerholm/Hesseberg i Ålesund

Områda Hamsund – Gryta og Gryta – Slyngstad i Haram var óg med i utlysninga, men blei trekt då ein utbyggar meldte at dei ville bygge ut området kommersielt. Av same grunn blei óg området Skjeltene – Hildre redusert undervegs.

Du kan lese meir i sakspapira.

Du finn sakspapira og møteprotokoll frå  begge møta under Politikk>møteplan og gjeldande møte. Sakene skal endeleg behandlast i fellesnemnda sitt møte 4. april.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.