Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tre ass. kommunalsjefar tilsette

glade barn med ball og instrument_foto:Tone MolnesDet er tilsett tre assisterande kommunalsjefar i nye Ålesund. To er tilsette på kommunalområde opplæring og ein er tilsett på helse og omsorgsområdet.

                              torfinn vingen ok Torfinn Vingen er tilsett som assisterande kommunalsjef for helse og omsorg. Han har dei siste åra vore verksemdsleiar for legetenester og akutt helseberedskap i Ålesund kommune. Verksemda har også levert tenester til omkringliggande kommunar. Torfinn er utdanna sosionom med vidareutdanning i psykiatri. Han har tidlegare mellom anna jobba som personalsjef med ansvar for HMS og kvalitet i Vard Electro.                                                 

Einingsleiar Evy-Kristin Sæth i Haram kommune og kommunalsjef Hilde Sørdal i Haram kommune er tilsette som assistande kommunalsjefar i kommunalområdet for opplæring.

evy kristin ok Evy-Kristin Sæth har pedagogisk utdanning, mellom anna førskoleutdanning og i matematikk. Ho har også master i leiing. Ho har brei erfaring innan både skole og barnehage. Sæth har vore lærar, pedagogisk leiar og barnehagestyrar. Ho har vore einingsleiar for barnehagar i Ørskog kommune, einingsleiar for kultur og oppvekst i Sandøy kommune og er i dag einingsleiar for barnehagetenester i Haram kommune.         
Hilde Sørdal ok Hilde Sørdal har lærarutdanning og master i både skoleleiing og samfunnsplanlegging og leiing. Sørdal har arbeidserfaring som lærar, og har vore rektor i 14 år. Siste 7 åra har ho vore kommunalsjef for oppvekst i Ørskog kommune og har der hatt overordna ansvar for både skole, barnehage, integrering og PPT.

Det er tilsett assisterande kommunalsjefar på desse kommunalområda på grunn av det høge talet på tilsette og verksemder. Helse og omsorg har 15 verksemder og over 1 100 årsverk. Opplæring har 34 verksemder og nærare 1 500 årsverk.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.