Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nyheiter om helseplattforma

ill. bilde av sprøyte og henderNye Ålesund deltar i det felles prosjektet Helseplattformen. No finn du nyheiter om framdrifta i prosjektet under Om nye Ålesund og satsing.

 Fellesnemnda gjorde vedtak om å delta i prosjektet på sitt møte 14. februar 2019.

Om prosjektet

Prosjektet skal kjøpe og innføre ny pasientjournal ved sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge. Helse Midt-Norge og Trondheim kommune er hovudaktørar i kjøpet, og alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Helseplattformen er også ein regional pilot for den nasjonale målsettinga «Én innbygger – én journal». Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta.

Nye Ålesund kommune deltar i prosjektet på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Dette prosjektet har også ei rolle i det felles prosjektet i Midt-Norge. Prosjektdeltakinga vil kreve intern prioritering av ressursar i helse- og omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Meir informasjon får du på nettsida helseplattformen.no

Framdrift

Informasjon om framdrifta i prosjektet finn du under Om nye Ålesund > Satsing.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.