Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ålesund får Nord-Europas første FN smartbylab

pressemøte om smartbylab med representantar frå nye ÅlesundLaben vil bli nummer to i verda og vil gjere Ålesund til et utstillingsvindauge for FNs smartbyprogram.

Nye Ålesund har fått ei utfordring og ei oppfordring. Det handlar om Ålesund som vertskap for FNs Smart City Lab. Slik kan Ålesund bli sett på verdskartet når det gjeld byutvikling og berekraft.
Leiar i fellesnemnda for nye Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier utfordringa er spennande og gir nye Ålesund store moglegheiter.

- Det handlar sjølvsagt om å gjere Ålesund til ein smartby til det beste for innbyggarane våre, men vi ser også at det vil bli store og gode ringverknader av at vi får Nord-Europas første smartby-lab hit.Mellom anna vil smartbyprosjekt frå heile Norge bli kopla til ein slik lab i Ålesund.

Lab og hub

Vinje Aurdal peiker på at nye Ålesund gjennom denne laben vil bli ein hub og eit nav som legg til rette for samspel.

-    Her får vi folk, kunnskap og idear frå heile FNs nettverk for Smart Cities i tillegg til frå smartbyar i Norge og Nord-Europa inn til Ålesund. Samtidig får vi våre prosjekt ut til heile denne kontaktflata.
Ein viktig del av ein slik lab er at viktige aktørar og partnerar i lokalsamfunnet samlast og samhandlar på heilt nye måtar – i lag med aktørar frå andre smartbyar.

-    Og sjølve prosessen og samhandlinga er viktig. Det er ikkje alltid ein veit kva som kjem ut av slikt samspel, men vi har trua på at ein slik måte å jobbe på vil bere frukter. Det er på slike møteplassar at ein kan tenke utenkte tankar.
Samhandling er den berande ideen i det meste som blir gjort i oppbygginga av nye Ålesund og også i The North West og smartby-arbeidet i Ålesund.

Betre kvardag, meir berekraft

Det er også slik det blir jobba i FNs aller første smartby-lab i Wien. Det blir det sett på heilheitlege system som skal arbeide etter FNs berekraftsmål.

-    Det handlar om å sette data i samanheng og sette oss i stand til å gjere gode val. Det hjelper ikkje med all verdas data dersom vi ikkje behandlar dei og bruker dei på ein klok måte. Vi skal lage ein betre kvardag for folk og betre og meir berekraftige byar. Og det store målet er å innfri FNs berekraftmål og dermed lage ei betre verd for alle.

Inviterer partnarar

Smartby-laben i Wien koplar folk, idear og berekraftsprosjekt frå akademia, offentleg og privat sektor. Det vert gjort både fysisk og konkret i samskapingslokale, men også via ein digital portal der ein kan dele sine løysingar og produkt med byar over heile verda og besøkande frå heile verda.

Målet til ein smartby-lab er å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet, energi i tillegg til å støtte og få fart på nye prosjekt. Då verdas første smartby-lab vart lansert i fjor vår,  presenterte ei rekkje bedrifter over 25 smarte løysingar på by-utfordringar. Ei av bedriftene som er partner i laben i Wien er Pluvi.on som registrerer regn med vêrsensorar. Dataene som vert registrert er hyperlokale og blir brukt for å redusere skadane etter ekstremvêr.  

Ordførar Aurdal seier også Ålesund skal invitere med potensielle partnerar til smartby-laben.

-    Å vere med på smartby-laben er til nytte både for bedrifter og det offentlege. Det handlar om finne betre løysingar og å ta betre avgjerder – og så dele desse med andre, til det beste for folk, for bedrifter og for verda.

Under opninga av smartby-laben i Wien, sa leiar for Organization for International Economic Relations (OiER), Kari Aina Eik, at byar er navet for framtida, men at dei treng individuelt tilpassa løysingar for å løyse utfordringane dei møter, og Smart City Lab gjer det mogleg å utvikle og presentere desse løysingane.

-    No kan Ålesund få verdas andre smartby lab. Det vil både sette Ålesund på verdskartet og gi Ålesund det beste verktøyet for å bli ein betre og meir berekraftig by, seier Eik. 

Sjå video frå Kari Aina Eik:

Fakta om United Smart Cities 

The United Smart Cities er eit FN-program som tar sikte på å løyse byutfordringane i mellomstore byar og støtte innføringa av 2030-agendaen på lokalt nivå. 2030-agendaen er ei global semje om at grunnleggande endringar er nødvendige for å trygge global stabilitet og ei berekraftig jord.

2030-agendaen blei lansert i april 2014 av UNECE og OiER.

United Smart Cities-programmet skal:

  • Hjelpe byar til smarte og berekraftige løysingar og hjelpe til med prioriteringar.
  • Støtte opp under utveksling av erfaringar mellom land og byar som set i gang smarte og berekraftige aktivitetar.
  • Oppmuntre til samarbeid mellom internasjonale, nasjonale og lokale  interessentar.
  • Sikre utveksling av kunnskap og styrke nasjonale og lokale leiarar i arbeidet med å utvikle og iverksette politikk og handlingar som forbetrar folk sin kvardag og effektiviteten til byar.

Bildetekst:
Bilde frå pressemøtet 1. april 2019 om FNs smartby-lab. Frå venstre: Assisterande prosjektleiar Bente Glomset Vikhagen, prosjektleiar/rådmann i nye Ålesund Astrid Eidsvik, leiar i fellesnemnda Eva Vinje Aurdal, stabsleiar for digitalisering og innovasjon Helge Veum og nestleiar i fellesnemnda Dag Olav Tennfjord

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.