Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemnda vedtok lokalisering

bilde av fellesnemnda sitt møte på Skodje 4. april 2019

Fellesnemnda vedtok forslaget til lokalisering av tenester og organisering og lokalisering av NAV. Fellesnemnda vedtok også å søke om ei forsøksordning knytt til arbeidet i kommunedelutvala i den nye kommunen.

Fellesnemnda hadde sitt møte på Skodje rådhus 4. april.

Lokalisering av tenester

Fellesnemda vedtok einstemmig forslaget til lokalisering av tenester:

  1. Verksemdene skal i hovudsak gje tenester til innbyggarane der dei er i dag. 
  2. Dei områda som er prioriterte for flytting blir foreslått lokaliserte i samsvar med oversikt i tabellar for tenesteområda (sjå heile lokaliseringsforslaget under)
  3. Det blir etablert eit eige prosjekt tidleg i 2019 som får i oppdrag å førebu lokale, flytteprosess og gjennomføre flytting av dei prioriterte områda.
  4. Eventuelle økonomiske konsekvensar i samband med flytting blir innarbeidd i budsjettet for 2020 –2024. 
  5. Då lokalisering er ein del av ein omfattande organisasjons-og tenesteutviklingsprosess som går over tid, tar prosjektleiar atterhald om at det kan vere behov for tilpassingar seinare i prosessen. 
  6. Det opprettast lokale utval i kvar kommune somskal involverast i utforminga av innbyggartorga.Prosjektleiar utarbeidar ein framdriftplan for etableringa av dei lokale innbyggartorga til neste møte i Partsamansett utval (PSU) 8. mai. Denne skal vise korleis dei lokale utvala skal involverast i prosessen.

I tillegg vedtok fellesnemnda eit oversendingsforslag frå ordførar i Sandøy, Oddvar Myklebust til prosjektleiinga:

1.    Innbyggartorga skal ha ein fagleg sterk og kompetent leiar som har evne til å halde kommunedelen saman og som har delegert mynde i ulike saker.
2.    Uteseksjonen i kommunedelen Sandøy skal leiast av ein avdelingsleiar.

Her er den vedtatte lokaliseringa: pdfprosjektleiars forslag til lokalisering (lPDF)

Vedtaket om lokalisering gjeld geografisk plassering av funksjonar innan det som ikkje er stadbundne tenester. Dette er tenester som til dømes skolar, sjukeheimar, barnehagar, helestenester, utestyrker og beredskap med meir. Desse basistenestene vil vere lokaliserte som før. Stadbundne tenester kan også vere tenester som naturleg bør lokaliserast for å sikre innbyggarane eit tilbod lokalt. Det er til dømes tenester som helsesøster, jordmor, kulturskoletilbod og bibliotek med meir.

Det er det tatt omsyn til intensjonsavtalen der ambisjonen er at tenestene skal vere tilgjengelege for innbyggarane samtidig som nye Ålesud har eit mål om å bygge robuste/sterke fagmiljø som er tverrfagleg orienterte. Det er og eit ønske om å fordele administrative stillingar mellom de ulike delane av den nye kommunen. Intensjonsavtalen er klar på at den strategiske leiinga skal vere samla kring rådmann og ordførar ved rådhuset i Ålesund.

Du finn fleire opplysingar i sakspapira.

Organisering og lokalisering av NAV

Fellesnemnda vedtok einstemmig forslaget frå NAV om at NAV Ålesund blir organisert med sju ulike avdelingar med ei lokalisering på to basar - Ålesund sentrum og Brattvåg.  Det blir understrekt kor viktig det vil vere at NAV lukkast med den arbeidsmetodikken som er skissert for å nå innbyggarane som har behov for tenestene til NAV. Det må leggast stor vekt på fleksibilitet hos dei tilsette for å ha brukarfokuset.

Fellesnemnda vedtok eit ekstra punkt fremma av Oddvar Myklebust i Sandøy:

Fellesnemnda krev at partnarskapet, etter at noverande avtale med Haram går ut, opprettheld avdelinga i Brattvåg.

Lokalisering

NAV ser for seg at brukarar kan nytte seg av NAV-tenester på innbyggartorg i dei tidlegare rådhusa om nødvendig. Der vil ein ha samtalar og tilgjengelege pc-ar for brukarar som kan nyttast til å søke om teneste eller stønadar. Å ha innbyggartorga som ein kanal for NAV-tenester vil vere viktig for å kunne oppleve at tenestene blir levert i heile kommunen.

For å nå brukarane må det vere ein kombinasjon av nærleik og digitale løysingar. Nokre innbyggarar vil oppleve avstand som utfordrande ved behov for oppmøte. Dette gjeld spesielt øysamfunna i Haram og Sandøy kommunar og delar av Ørskog kommune. Det er spesielt viktig at innbyggarane ikkje vil oppleve ny organisering og lokalisering som lite brukarvenleg. Innbyggartorga og desentraliserte tenester ut mot innbyggarane blir derfor viktig.

Nærleik kan bety at tenestene er tilgjengelege for brukar der brukaren er - i heile kommunen. Gjennom digitalisering og oppsøkande oppfølging, kan ein få nærleik i eit omfang vi ikkje har hatt tidlegare. Nærleik kan óg vere lokalisasjonar knytt til kor ein kan etterspørje NAV-tenester.

I nye NAV Ålesund har alle medarbeidarar berbar pc og mobiltelefon, noko som inneber at tenestene kan leverast stort sett over alt der det er mobildekking. I tillegg vil dei fleste av tenestene og kommunikasjonskanalane vere digitale. Dette gir moglegheiter til å kunne vere nær og yte teneste ved oppsøkande verksemd i heile kommunen.

Avdelingar

NAV ønsker å organisere NAV Ålesund med sju avdelingar.

    Det er tenkt at  5 avdelingar har arbeidsretta brukaroppfølging som si kjerneverksemd (avdeling 1 – 5).
    Avdeling 6 - Tiltak i eigenregi - er ei spesialisert avdeling der avdelingane 1 - 5 kan søke/bestille tiltak til brukarar (jobbspesialistar og ungdomstiltak).
    Avdeling 7 - er ei avdeling som skal ha som oppgåve økonomiforvaltning, gjeldsrådgjeving og frivillig forvaltning.

I tillegg kjem administrative støttefunksjonar som: IKT- ansvarleg for drift og støtte, rapportering og HR, støttefunksjonar til leiar.

Korleis ein fordeler oppgåver og ansvar i dei ulike avdelingane vil ein arbeide vidare med.

Kvar avdeling skal ha ca. 15 - 20 tilsette.

Du kan lese meir i sakspapira.

Forsøksordning kommunedelutval

Fellesnemnda vedtok med 18 mot seks stemmer at det skal gå ein søknad til Fylkesmannen om ei forsøksordning knytt til arbeidet i kommunedelutvala i den nye kommunen.

Bakgrunnen er at fellesnemnda for nye Ålesund vedtok i møte 13. september 2018 ei sak om organisering av kommunedelutvala i nye Ålesund. Saken blei vedtatt etter ei brei involvering av lokalsamfunna gjennom folkemøte og høyring. Samanhaldt med ny kommunelov, er det fleire tilhøve i fellesnemnda sitt ønske om organisering av kommunedelutvala som ikkje samsvarer med lova eller treng nærare avklaring. Dette gjeld mellom anna:

  • Ønske om at kommunedelutvala konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar
  • Avklaring på spørsmål om kommunestyret kan oppnemne medlemmer som ikkje er busette i kommundelen eller kommunen
  • Oppnemning av medlemmer til kommunedelutvala med nedre aldersgrense 14 år
  • Kortare funksjonstid for medlemmer som er under 18/19 år.

Søknaden om forsøksordning er utarbeidd i komiteen for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad. Søknaden vert no lagt fram for fellesnemnda før den vert sendt Kommunal-og moderniseringsdepartementet via fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Du kan lese meir om saken i sakspapira.

Finansiering av breibandsutbygging

Fellesnemnda sluttar seg til framlegget om finansiering av breibandsutbygging.

Prosjektorganisasjonen har mottatt tilbod på utbygging av breiband til innbyggarane i nye Ålesund og legg fram ei sak om finansiering av utbygginga. Sidan desember har det vore utlyst ein konkurranse om breibandsutbygging. Fristen for tilbod var sett til 4. mars og nye Ålesund mottok tilbod frå to utbyggarar innan fristen.

Utlysinga bygger på intensjonsavtalen som seier at inntil 30 millionar av tilskota til kommunereformen skal brukast til å bygge ut fiber i alle delar av den nye kommunen der dette ikkje er kommersielt lønnsamt.

Dei følgande områda inngår i konkurransen:

  • Hellestranda i Haram
  • Kalvøya i Haram
  • Hellandshamn, Håvika, Skulstad, Remme, Samfjorden i Haram
  • Krogsætra i Haram
  • Vestrefjorden i Haram
  • Skor, Ertresvågen og Grøt i Haram
  • Bjørnøya i Haram
  • Skjeltene - Hildre i Haram (reduksjon og nytt kartutsnitt publisert for leverandørar 1. februar)
  • Sandøy kommune (utan Harøy og Finnøy der det er kommersielle interesser)
  • Fylling/Hjelen i Skodje
  • Håem/Glomset/Heggbakk i Skodje
  • Svorta i Skodje
  • Straumen i Skodje
  • Reiakvam i Skodje
  • Utvika/Ellingsøyfjorden i Skodje (korrigert kartutsnitt publisert for leverandørar i januar)
  • Stavset/Steinset i Skodje
  • Skar/Erstad/Grasdal i Skodje
  • Engeset i Skodje
  • Skarbø - Vestre i Ørskog
  • Vaksvika i Ørskog
  • Gausneset i Ørskog
  • Barlindhaugen i Ørskog
  • Tyssegardane i Ørskog
  • Taftasundet i Ålesund
  • Magerholm/Hesseberg i Ålesund

Områda Hamsund – Gryta og Gryta – Slyngstad i Haram var óg med i utlysninga, men blei trekt då ein utbyggar meldte at dei ville bygge ut området kommersielt. Av same grunn blei óg området Skjeltene – Hildre redusert undervegs.

Du kan lese meir i sakspapira.

Fellesnemnda utsatte vedtak om reglement for godtgjersle for folkevalde slik at den politiske komiteen for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad kan innarbeide forslag som kom fram i møtet. Det nye forslaget skal leggast fram for fellesnemnda i haust.

Om møtet

Du kan sjå opptak av møtet på kommune-tv.

Heile sakskartet med vedtak  finn du under Politikk > Møteplan og det gjeldande møtet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.