Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Listene til kommunevalet er klare

ill: Valg foto:Tore FjeldListene til kommunevalet for nye Ålesund er klare. Det har totalt kome 13 listeforslag innan fristen 1. april 2019.

Her finn du oversikt over kven som stiller liste til kommunevalet i nye Ålesund 2019.

Når listeforslaget er mottatt og kontrollert, vil valsekretariatet sende brev til alle kandidatane som står på listene. Dei vil då få ein kort frist for tilbakemelding om korrigeringar av namn eller om at dei ikkje ønskjer å stå på liste.
Endeleg godkjenning av listeforslaga vil kome opp som eiga sak til valsstyret. Møtet er planlagt 16. mai 2019.

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Du finn meir informasjon om valet, valkretsar, førehandsstemming og meir på nye Ålesund sine sider om valet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.