Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Søke Bli kjent-fond?

nye alesund kommune fellesverket crop tonemolnes TMO1175Ny søknadsfrist for å søke Bli kjent-fond er 1. mai. Lag, foreiningar, skuleklassar og andre kan søke pengar til fellesarrangement eller aktivitetar.

Nye Ålesund kommune ønsker å legge til rette for å bringe folk saman på tvers av kommunegrensene og knyte by, tettstadar og bygdelag tettare saman.

Gjennom Bli kjent-fondet kan frivillige lag og organisasjonar, skuleklasser, velforeiningar eller andre som bur i nye Ålesund-området søke støtte til for eksempel ein klassetur, eit pensjonisttreff, kulturarrangement eller idrettsaktivitetar. Arrangementet må skje i ein eller fleire av nye Ålesund-kommunane.

Bli kjent-fondet har pengar for åra 2018 og 2019. Det kan søkast om tilskot på inntil 50.000 kroner per arrangement eller tiltak.

Har du ein idé til eit arrangement som passar innanfor rammene for Bli kjent-fondet?

Send inn ein søknad! På denne måten kan nettopp DU vere med på føre innbyggarar i nye Ålesund saman og skape ein felles identitet til den nye flotte kommunen vår!

Korleis søke

Søknadsskjema finn du på under Om nye Ålesund kommune > Bli kjent.

Der finn du også reglane for fondet.

Du kan også gå direkte inn på dette skjemaet.

Søknadsfristen er 1. mai 2019.

Bli kjent-fondet blei skipe etter innspel frå innbyggarar om ulike tiltak for å oppnå dette, og ein av ideane som har kome inn, er eit Bli kjent-fond. Ideen er henta frå nye Molde kommune, som allereie har oppretta eit slikt fond og delt ut midlar til fleire fine samarbeidstiltak og -arrangement.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.