Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Signerte for Nord-Europas første smartby-lab

signeringjpg smartbylabDei elleve første partnarane i Ålesunds FN-lab for smarte og berekraftige byar signerte  25. april med nye Ålesund om å samarbeide om laben. Signeringa skjedde under konferansefestivalen The North West.


Sparebanken Møre var ein av dei første. Leiar for kommunikasjon og samfunnsansvar i banken, Cecilie Myrstad seier at dersom regionen har det bra, så har dei det bra.

- Som den største banken i regionen er vi er opptatte av utvikling i både samfunns- og næringsliv, noko vi opplever også er fokus i smartby-laben. Vi må alle sjå på korleis vi kan bidra og kva den enkelte kan gjere. Regionen her er kjend for å vere endringsvillig og god til å finne nye løysingar, og vi er stolte over å kunne vere med på dette arbeidet med ein særs framoverlent ny kommune.

Myrstad seier at for dei handlar smartby-laben om kompetanseutvikling. Ny innsikt kan føre til at både enkeltpersonar og bedrifter får innsikt i korleis ein kan jobbe med berekraft i kvardagen.

-  Gjennom samarbeid kan vi i lag vere med på å bidra til auka fokus og handling knytt til berekraftsmåla.

Sparebanken Møre har også bidratt med  ein million kroner til smartbyutviklinga i Ålesundregionen.

Verda til Ålesund og Ålesund til verda

I tillegg til Sparebanken Møre er også NTNU, Tafjord Kraft, ÅKP (Ålesund kunnskapspark), NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter), Møre og Romsdal fylkeskommune, SINTEF, Offshore Simulator Centre, NexTDigital-nettverket, eSmart Systems og NCE-klynga Smart Innovation Norway med som partnarar. Desse signerte intensjonsavtalen om partnarskap under første dag av The North West.

Fleire av partnarane var også samla tidlegare i veka for eit første og felles møte med informasjon og motivasjon om kva FN-programmet for smarte og berekraftige byar er og kva moglegheiter som ligg i smartby-laben.

Kari Aina Eik som leiar FN-programmet for smarte og berekraftige byar, fortalde at dette er verdas største program for byutvikling.

- Og med smartby-laben i Ålesund så gir dette fantastiske moglegheiter for å drage kompetanse til Ålesund og ta prosjekta til dei som er med som partnarar, ut i verda.

Skipssimulatoren FNs offisielle verktøy

Partnarane blei også presenterte for moglegheitene som ligg i visualisering av store datamengder. Offshore Simulator Centre har brukt kompetanse og teknologi frå skipssimulatoren til å køyre simuleringar for eksempel på brannbil-utrykking i Ålesund. Verktøyet blei nyleg presentert på ei større smartby-samling i Genève. Kari Aina Eik seier mottakinga var overstrøymande, og at simulatorsenteret no får ei heilt spesielle rolle i FN-programmet.

-    Teknologien dei har ved Offshore Simulator Centre på NMK her i Ålesund er eksepsjonell, og simulatoren blir no FNs offisielle verktøy for simulering av byutvikling for alle byar i verda.  Dette er starten på eit teknologieventyr.
I

kkje smart utan berekraft

Og dette teknologieventyret skal bidra til berekraft.

- Smart bruk av teknologi er berre smart dersom det også er berekraftig, seier assisterande prosjektleiar i nye Ålesund kommune, Bente Vikhagen.

Under samlinga fekk partnarane utvida forståing for at berekraft ikkje berre handlar om klima. Fire av dei sytten berekraftsmåla til FN er knytt til klima, resten handlar om det sosiale og økonomi. I tillegg blei det peika på at berekraftsmåla ikkje berre er ideologi, men også innovasjon, arbeidsplassar og moglegheiter.

united smart cities logoOm United Smart Cities

The United Smart Cities er eit FN-program som tar sikte på å løyse byutfordringane i mellomstore byar og støtte innføringa av 2030-agendaen på lokalt nivå. 2030-agendaen er ei global semje om at grunnleggande endringar er nødvendige for å trygge global stabilitet og ei berekraftig jord.
2030-agendaen blei lansert i april 2014 av UNECE og OiER.

United Smart Cities-programmet skal:
•    Hjelpe byar til smarte og berekraftige løysingar og hjelpe til med prioriteringar.
•    Støtte opp under utveksling av erfaringar mellom land og byar som set i gang smarte og berekraftige aktivitetar.
•    Oppmuntre til samarbeid mellom internasjonale, nasjonale og lokale  interessentar.
•    Sikre utveksling av kunnskap og styrke nasjonale og lokale leiarar i arbeidet med å utvikle og iverksette politikk og handlingar som forbetrar folk sin kvardag og effektiviteten til byar.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.