Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Første møte med smartkommunen

tilsette kickoff 230419Folk frå alt frå helse til innkjøp, kultur og teknologi har fått ein tjuvstart på det som er Norges første smarte og berekraftige region.

Nye Ålesund fylte skjermen 360 grader rundt alle dei kommunalt tilsette som fekk med seg oppstarten på å få nye Ålesund til å tenke smart og berekraftig. Møtet blei halde i rotunden på Ålesund kunnskapspark 23. april. Og dei som var med, blei begeistra berre over moglegheitene til å visualisere store datamengder og kompliserte samanhengar.

-    Det er viktig at berekraftsmåla  blir brukte i alt vi gjer. Dette er framtida, sa Birte Vegsund, leiar for tildelingskontoret for helse og omsorg i Ålesund.

Ho peikte også på at barn og unge er opptatte av berekraft og at dei vaksne har ansvar for å ta det på alvor.

Og det er nettopp det som skjer i Region Ålesund. Som del av FNs nettverk for smartbyar, får regionen bli ein del av verdas største program for smart og berekraftig byutvikling. Eit resultat er at Ålesund i snart tre månader har blitt analysert og om eit par veker får ein det endelege resultatet. Nesten hundre indikatorar skal fortelje noko om kvar regionen skårar godt og kvar ein må jobbe vidare for å bli smart og berekraftig.

Synleggjering med simulator

Resultatet og arbeidet vidare kan visualiserast ved hjelp av Offshore Simulator Centre og skipssimulatoren. Medarbeidarane i kommunen fekk sjå eksempel som kvar cruise-turistane bevegar seg i byen og utrykningstid for brannbilen. Løysinga med å bruke simulatoren til visualisering blir  ein del av smartby-laben og ein del av framtida til dei tilsette i nye Ålesund kommune.
Helge Veum, påtroppande stabssjef for teknologi og innovasjon i nye Ålesund seier at den nye laben fortsatt er i  planleggingsfasen, men peiker på fleire moglegheiter:

-    Vi kan bruke kunstig intelligens til å automatisere og forkorte sakshandsamingstid. Kva med visualisering av større utbyggingar? Kanskje allereie Sørsida? Ikkje berre kan vi jobbe raskare og spare tid og pengar både for oss og innbyggarane, men vi kan gi betre informasjon og gjere kommunen meir demokratisk.

Berekraft skal gjennomsyre arbeidet

Prosjektleiar for nye Ålesund kommune, Astrid Eidsvik, seier at når ein skal bygge ein ny kommune så må ein tenke annleis og jobbe annleis. Og berekraftsmåla skal no gjennomsyre alt den nye kommunen gjer.

-    Men om vi ikkje får ut den bodskapen til alle i kommunen, så har vi ikkje lukkast. Berekraft må bli ein formidabel bevegelse både hos dei tilsette og innbyggarane. Då treng vi motiverte medarbeidarar som også er motiverte til å motivere andre.

FNs berekraftmål handlar om klima, om det sosiale og om økonomi.  Assisterande prosjektleiar i nye Ålesund, Bente Vikhagen, seier at alle overordna planar no skal ta utgangspunkt i berekraftsmåla.

-    Berekraftsmåla er FNs felles arbeidsplan for verda. Og vi skal legge berekraft til grunn for kva som er smart jobbing. Smart er ikkje smart om ikkje det samtidig er berekraftig.

Det vil bli fleire møte med informasjon og konkretisering av arbeidet for tilsette i nye Ålesund,

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.