Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Møte i Ørskog

styringsgruppa alesund moteBreiband, gang- og sykkelveg og hydrogenstasjon er blant sakene som blir diskuterte når dei fire kommunane som dannar nye Ålesund kommune, møtast 19. januar. Møtet er lagt til Ørskog.

Dei fire kommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund fortset arbeidet med å danne ein ny kommune 1. januar 2020.

På møtet i Ørskog 19. januar skal fleire konkrete saker diskuterast.Sakene er forankra i intensjonsavtalen som blei inngått 15. juni 2016, då med litt andre kommunar enn dei som er med no.

Gang- og sykkelveg

I intensjonsvtalen står det at tiltak som knyter den nye kommunen saman skal prioriterast. Styringsgruppa skal behandle ein sak om prosjekteringsmidlar til ein gang- og sykkeveg mellom Skodje og Ålesund.

Utbygging av breiband

Utbygging av breiband i nye Ålesund der dette ikkje er kommersielt lønsamt er eit anna infrastrukturtiltak som skal opp i styringsgruppa.

Interkommunale samarbeid

På sist møte i styringsgruppa blei det vedtatt at kvar kommune lagar ei oversikt for sine samarbeidsordningar. Dei kommunane som ikkje har utarbeidd eigarskapsmelding, utarbeider ei slik. Oversikta og eigarskapsmeldingane dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Rådmennene skal lage ein milepelsplan for dette arbeidet.

I møtet blir kartlegginga lagt fram, herunder også sak om Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS ( interkommunalt samarbeid).

Etablering av hydrogenstasjon

Styringsgruppa blir orientert om UNoX sine planar om å etablere hydrogenstasjon i Ålesundregionen.

Styringsgruppa består av fem politikarar frå kvar av dei fire kommunane og rådmennen. I tillegg har fire tillitsvalde og ein hovudtillitsvald i styringsgruppa sitt arbeid.

Fagsjefar blir kalt inn ved behov.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.