Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Næringssjef tilsett i nye Ålesund

inger synnøve remmeInger Synnøve Remme er tilsett som næringssjef i nye Ålesund.

Remme har arbeidd som næringsrådgivar i Haram kommune sidan 2013. Ho er utdanna økonom og har arbeidd i privat næringsliv i mange år og har god kjennskap til næringslivet i regionen, både eksisterande næringsliv og nyetablerarar.
I arbeidet som næringsrådgivar i Haram har ho blant anna hatt ansvaret for rådgiving i hoppid.no og ungt entreprenørskap, det kommunale næringsfondet, kontakt med næringslivet i Haram kommune og andre næringsforeiningar, klynger og forskingsmiljø i regionen og ulike prosjekt.

Remme ser fram til å begynne i den nye stillinga:

-    Dette er ei spennande og utfordrande oppgåve som eg ser fram til å ta fatt på. Det å vere med å utvikle næringslivet og styrke banda mellom den nye kommunen og dei private næringane endå meir, er eit viktig arbeid. Begge partar er avhengige av eit nært og godt samarbeid skal vi klare å nå dei måla vi har sett oss når det gjeld regionutvikling, smartby-satsing og nasjonal tyngdekraft.

Stillinga som næringssjef ligg under stabsområde strategi, samfunns- og næringsutvikling i den nye kommunen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.