Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ledige stillingar i Helseplattformen AS

 omsorg og baking foto_tonemolnes

Det er lyst ut rundt 60 stillingar i Helseplattformen AS. Fleire av desse stillingane kan vere aktuelle for fagfolk i kommunane.

Dersom DU er interessert i å jobbe med Helseplattformen og innføringa av ny, felles pasientjournal så har Helse Midt utlyst 60 ledige stillingar som ligg ute på nettsida deira.

Helseplattformen skal sette opp og tilpasse den nye, felles løysinga for pasientjournal i Midt-Norge, og det omfattande innføringsprosjektet er i gang. Det skal rekrutterast fagfolk både eksternt og internt til helsetenesten for å delta i bygging og tilpassing av løysninga i samarbeid med leverandøren Epic.

Sjøl om det står arbeidsstad Trondheim i utlysinga, så ønsker vi gjere våre tilsette merksame på stillingane slik at det er mogleg å søke.
Helseplattformen flytter inn i nye lokaler i august, hvor fasiliteter for avstandsjobbing er kriterium for valg av lokaler. Det er viktig at vi får søkere fra Møre og Romsdal for å sikre involvering og kompetansebygging.

Les meir

Du kan lese meir om innføringsprosjektet på Trondheim kommunes heimesider.

Om du vil lese meir om Helseplattformen og innføringa av den i nye Ålesund, finn du det under Satsing på nettsida til den nye kommunen.

Du kan også ta kontakt med Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. som er prosjektleiar for Helseplattformen i opsjonskommunane på Nordre Sunnmøre.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.