Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ocean Week i Ålesund 9. mai

ocean weekOcean Week set hav på agendaen. I år er temaet hav i endring. Arrangementet er i regi av NTNU og blir halde på Campus 9. mai.

Ocean Week blir arrangert 6. - 8. mai i Trondheim, med ein ekstra dag i Ålesund. Havet er viktig for heile klimasystemet, men stor ovanfor nokre av dei største miljøutfordringane nokonsinne. Korleis kan vi saman finne berekraftige løysingar for havrommet, og kva betyr dette i praksis for dei største næringane i regionen - den maritime og marine?

Det er i det maritime og marine NTNU har sitt nedslagsfelt og hav er eitt av tre fokusområde ved NTNU Ålesund. Ocean Week handlar om kompetansebygging og skal vere arenaen der akademia, næringsliv og regionen kjem fram til nyskapande løysingar for å styrke regionen og ressursane.

Les også NTNUs artikkel om arrangementet.

Program

Programmet startar klokka 9.30 på NMK og har aktørar som Sveinung Rotevatn  - statssekretær for klima og miljø, Ingrid Schjølberg - direktør for NTNU Oceans, Andreas Seth - Kongsberg Maritime, Tina M. Saltvedt - sjefsanalytikar hos Nordea, Frode Pleym - leiar av Greenpeace,  Bergljot Landstad - regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Gunnar Bovim - rektor for NTNU, Annik Magerholm Fet - viserektor for NTNU i Ålesund og Anna Maria Siko som er ambassadør i Ungarn.

I tillegg er det parallelle sesjonar der fleire foredragshaldarar vil delta.

Sjå fullstendig program for Ocean Week både i Trondheim og Ålesund.

Delta på dagskonferansen og bli ein del av kunnskapsmiljøet i regionen!

Kjøp billettar her.

Ocean Week i Ålesund er eit samarbeid mellom NTNU i Ålesund, SINTEF, Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.