Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil du vere valmedarbeidar?

ill valmedarbeidar foto tore fjeldMåndag 9. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval. I år vil valet bli gjennomført som om Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund allereie er ein kommune og vi treng valmedarbeidarar!

Ålesund kommune søker samfunnsengasjerte personar som ønsker å vere med i valgjennomføringa. Vi ser etter medarbeidarar til sjølve valdagen 9. september og til førehandsstemmeperioden frå 12. august til 6. september. Tilbodet har gått ut til dei som har vore med før, men vi ønskjer også nye valmedarbeidarar.

Valdagen 9. september

I alle vallokala i kommunen er det behov for medarbeidarar. Vi treng ca. 150 medarbeidarar delt på 14 vallokale i heile den nye kommunen.
Vallokala er opne frå kl. 10.00-21.00 (med unntak på Fjørtoft og Lepsøy)

Førehandstemming 12. august - 6. september

Vi søker også etter medarbeidarar som ønsker å jobbe i førehandstemmelokale i perioden 12. august til 6. september.
Opningstidene vil variere i dei ulike lokala.

Obligatorisk opplæring

Alle som skal jobbe som valmedarbeidar får obligatorisk opplæring.

Søknad og registrering skjer via systemet Mobilise. All kommunikasjon vil stort sett gå gjennom dette enkle systemet. Meir informasjon om dette vil kome etter rekrutteringsprosessen.
For å kunne jobbe i eit vallokale må du ha fylt 18 år, og du kan ikkje stå på liste for eit parti i Ålesund kommune eller Møre og Romsdal fylkeskommune.

Har du spørsmål kontakt oss på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller på telefon 70 16 21 00.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.