Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Er du vår nye leiar for innbyggartorga?

logo til webNye Ålesund leiter etter deg som har erfaring, mot og lyst til å ta fatt som verksemdsleiar for innbyggartorga i nye Ålesund kommune. Søknadsfristen er 19. mai.

Innbyggartorga skal samordne ulike kommunale tenester som frivilligsentra, bibliotek, servicetorg og folkehelseaktivitetar. Teneste skal utviklast og tilpassast lokale behov. Lokale utval skal hjelpe til å utvikle torga.

Om innbyggartorga

Til verksemda ligg to avdelingar; innbyggartorg og bibliotek. I kvart av rådhusa i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund vil det opprettast lokale innbyggartorg. Desse har to hovudfunksjonar; å vere arena for kommunale tenester og å vere ei arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Innbyggartorga vil dermed fungere som treffpunkt for innbyggarar, næringsliv og kommune. Det blir og arbeida for å utvikle digitale verktøy som skal bidra til samhandling og samskaping.

Om jobben

Verksemdsleiar har overordna fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda som har om lag 50 tilsette. Leiaren har hovudansvaret for å leie og utvikle verksemda i tett samarbeid med kommunalsjef, lokalsamfunn og kommuneorganisasjon. Å legge til rette for inkluderande prosessar på tvers av fagområde, frivilligheit og private aktørar er ein viktig del i dette utviklingsarbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Erfaring frå prosessleiing
  • Gode relasjons- og kommunikasjons eigenskapar
  • Kompetanse innan IKT-verktøy og digitalisering
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • har evne til å inspirere og motivere
  • har visjonar og mot til å gå nye vegar
  • er lagspelar med glimt i augo
  • arbeider målretta og strategisk
  • har gjennomføringsevne og kan vise til oppnådde resultat
  • har høg arbeidskapasitet og evne til å ha mange ballar i lufta
  • har kjennskap til kommunal forvaltning

Vi tilbyr

  • Spennande nybrotsarbeid i ei ny tenkande kommune
  • Arbeid tufta på verdiane: open, engasjert og modig
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Søknad

Også tilsette som allereie er innplasserte i den nye kommunen, kan søke på stillinga.

Sjå fullstendig utlysingstekst og kontaktinformasjon i stillingsannonsa.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.