Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Desse skal designe forslag til nytt kommunevåpen!

Alle kommunene kommunevapen web

ELLE mELLE AS, I&M og Trolltegn AS er dei tre utvalde byråa som skal designe forslag til nytt kommunevåpen for nye Ålesund kommune.

 

Komiteen for nytt kommunevåpen og ordførarkjede har gjennomført ein konkurranse om parallelloppdrag for design av nytt kommunevåpen. No er dei tre tilbyderane valde og dei skal i løpet av mai måned designe forslag til nytt kommunevåpen. Det er og opna for redesign av dei gamle.

- Desse har god erfaring og ei god forståing av oppgåva dei no har føre seg.  Dei har alle sterk profesjonalitet og har planar om spanande arbeidsmetodar for å kome med forslag til grafisk utforming av eit nytt kommunevåpen, seier leiar i komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede, Vebjørn Krogsæter.

Kva skjer vidare?

Dei tre tilbydarane skal i juni presentere sine forslag for komiteen for nytt kommunevåpen. Deretter vil komiteen skrive ei politisk sak og ei innstilling til fellesnemnda sitt møte 13. juni. Endeleg avgjerd om kva som skal vere den nye kommunen sitt kommunevåpen blir tatt av det nye kommunestyret etter at det er konstituert, hausten 2019.  Dersom det kjem forslag om å bruke eit av dei eksisterande kommunevåpena, er det kommunestyret som må ta stilling til det.


Medlemmar i komiteen er:
•    Vebjørn Krogsæter (Sp) - Haram (leiar)
•    Janet Roelofs (Sp) - Ørskog (nestleiar)
•    Terje Vadset (FrP) - Skodje
•    Lodvar Hogne Espeland (Ap) - Sandøy
•    Monica Molvær (H) – Ålesund

Les meir om arbeidet til komiteen for nytt kommunevåpen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.