Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilrådingar til fellesnemnda er klare

Arbeidsutvalet sitt møte i Ørskog 8. mai 2019Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda godkjenner prosjektrekneskapen for 2018 og følger framdriftsplanenn for innbyggartorg.

Partssamansett utval (tillitsvalde, verneombod og arbeidsgivar) og arbeidsutvalet (ordførarane) hadde møte i Ørskog 8. mai,

Innbyggartorg

Begge utvala innstiller på at fellesnemnda vedtar forslaget tilframdriftsplan for innbyggartorg. I forrige fellesnemnd blei det vedtatt at det skal opprettast lokale utval i kvar kommune som skal involverast i utforminga av torga. Forslaget inneber at formannskapa i kommunane oppnemner 2 politikarar og 3 ildsjeler frå lokalmiljøet til å vere med i dei lokale utvala. Det blir også foreslått at 2 - 3 tilsette frå innbyggartorga skal delta. Utvala skal kome med forslag til korleis innbyggartorga skal utformast og kva rolle dei bør ha i lokalsamfunnet.

Innbyggartorga skal vere ei samlokalisering av ulike tenester som frivilligsentral, bibliotek, sørvistorg, folkehelseaktivitetar og kafé med meir. Torga skal bidra til å skape aktivitet og møteplassar for innbyggarane i lokalsamfunna i den nye kommunen og ha to hovudfunksjonar: Vere arena for kommunale tenester og for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet og vil difor få ulike uttrykk alt etter behov og fysiske lokalitetar lokalt. Det er planlagt i hvertfall fem innbyggartorg som blir plasserte i dei gamle kommunesentra.

Som arena for kommunale tenester skal innbyggartorga:

  • Vere publikumsmottak
  • Gi råd, rettleiing og generell informasjon om kommunale tenester
  • Tilby møte med saksbehandlarar lokalt
  • Tilby møteromsfasilitetar for innbyggarar og frivillige

Som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati skal innbyggertorga:

  • Koordinere samarbeid mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar
  • Legge til rette for lokale arrangement i samarbeid med andre
  • Legge til rette for samskaping mellom kommune, næringsliv, frivilligheit og innbyggarar
  • Lette til rette for aktivitetar som inkluderer, bygger identitet og samhald
  • Legge til rette for møte i kommunedelutval

Du finn meir informasjon i sakspapira.

Prosjektrekneskap

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda godkjenner rekneskapen for 2018. Prosjektrekneskapen viser eit forbruk på 25 081 120 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 11 018 880 kroner ut frå vedtatt budsjett for 2018 på 36 100 000 kroner. Prosjektet er finansiert av økonomisk støtte og tilskot frå staten og skal ikkje gå på bekostning av dei kommunale budsjetta. Du kan sjå den fullstendige rekneskapen og budsjettet i sakspapira.

Andre saker

I tillegg til desse to sakene tilrår utvala forslaget til årshjul for plan- og styringsprosessar i 2019 og arbeidsutvalet tilrår forslaget til møteplan for fellesnemnda og det nye kommunestyret for hausten 2019.

Sjå saksdokumenta til begge møta på nettsida til nye Ålesund.

Fellesnemnda tar avgjerd i sakene på sitt møte på Ørskog kulturhus 16. mai.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.