Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund + NTNU = sant

astrid eidsvik annik magerholm fet og gunnar bovim signerer samarbeidsavtale under Ocean Week 9. mai 2019Nye Ålesund og NTNU signerte 9. mai ein avtale om å formalisere samarbeidet mellom kommunen og universitetet. Signeringa skjedde under konferansen Ocean Week som NTNU arrangerte.

Rektor ved NTNU Gunnar Bovim og påtroppande rådmann for nye Ålesund signerte avtalen som skal vidareutvikla og styrke fagleg samarbeid om forsking, utdanning og nyskaping. Målet er å bygge framtidige og berekraftige samfunn.

Målsettinga er formulert i fleire punkt i avtalen:

1.    Identifisere viktige og relevante forskingsområde.
2.    Fremme studentsamarbeid og arbeidslivsrelevans for studentar.
3.    Styrke relasjonen mellom offentleg sektor, NTNU og næringsliv, som ein del av Noregs mest næringsnære campus.
4.    Bygge innovasjonskraft i kommunen og auke forsking innan innovasjon i offentleg sektor.
5.    Vere verdsleiande innan dei områda som vi alt er leiande på - simulering og visualisering, hav, handel og helse.
6.    Utvikle prosjekt som kan gi finansiering frå eksterne kjelder.
7.    Arbeide for at nye Ålesund kommune oppnår status som Universitetskommune frå 1.01.2020.

Partane tar utgangspunkt i at samarbeidet skal rettast inn mot fokusområda hav, handel og helse. Desse områda reflekterer delar av kommunen sitt samfunnsoppdrag og kompetansebehov. Samtidig reflekterer dei delar av universitetet si satsing og kompetanseområde.

All aktivitet i samarbeidet skal ha eit klart mål om å tilføre både kommune og universitet verdi. Frå kommunen sitt perspektiv skal aktivitetane i samarbeidet ha praktisk nytte, og for universitetet skal det fremme akademisk utvikling.

Avtalen

Her er den signerte pdfavtalen mellom nye Ålesund og NTNU (PDF).

Bildet:

På bildet ser du rådmann i nye Ålesund Astrid Eidsvik viserektor ved NTNU Annik Magerholm Fet og rektor ved NTNU Gunnar Bovim.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.