Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Intern utlysing som rektor

nye alesund kommune sandyhagen sandy tonemolnes TMO0988Det er eit vikariat ledig i 100 % stilling som rektor/einingsleiar ved Skodje barneskule. Dette er ei intern utlysing i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Vikariatet gjeld i perioden 01.08.2019 – 31.07.2020.  Skodje kommune vil frå 01.01.2020 vere ein del av nye Ålesund kommune, og stillinga blir til same tid overført med dei rettar og plikter som følger arbeidsforholdet.

Om skolen

Skodje barneskule har to avdelingar; avdeling Skodje og avdeling Valle. Begge avdelingar har SFO, som er organisert under felles leiing. Eininga har til saman 51 årsverk og om lag 70 tilsette. Skuleåret 2018/19 er der 92 elever på Valle skule og 300 elevar på Skodje barneskule, og av desse har totalt 110 elevar SFO-tilbod. For Skodje barneskule sin del, vil det skuleåret 2019/2020 bli oppført ny bygningsdel og eksisterande bygg skal gjennomgå ein del forandringar. Rektor vil naturleg ha ei viktig rolle i prosessar knytt til dette.

Særskilte satsingsområde er:
• Grunnleggande lese- og skriveopplæring
• Eit trygt og godt læringsmiljø
• Fagfornyinga
• Koding

Arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar

Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for si eining. Einingsleiar har saman med alle leiarar i Skodje kommune eit ansvar for at satsingsområda i kommuneplanen blir operasjonalisert gjennom tiltak i drifta.

Eingingsleiar må ha pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå. Utdanning i skuleleiing er ønskeleg.
Det blir stilt krav om tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Positivt elevsyn
  • Målretta, strukturert og med gjennomføringskraft
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Utviklingsorientert og endringsdyktig
  • Tydeleg i rolla som arbeidsgivar
  • Evne til å inspirere medarbeidarar, elevar og føresette
  • Kvalitetsorientert og oppteken av effektiv ressursbruk og gode resultat
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagte.

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i ein kommune i endring
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad

Søknadsfristen er sett til 24.05.2019 og skal sendast til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Her du spørsmål, kan du kontakte assisterande rådmann i Skodje, Malin Piegsa.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.