Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Assisterande kommunalsjef tilsett

Frode HellandFrode Helland er tilsett som assisterande kommunalsjef for området for miljø, by- og stadutvikling. Gratulerer til nye Ålesund og den nytilsette!

Frode Helland er per i dag tilsett i rådmannsteamet i Skodje som teknisk sjef. Hovudarbeidsfeltet i stillinga hans der, er planarbeid, kommunalteknikk og utbyggingsprosjekt.

Han har hatt stillinga som teknisk sjef sidan 1998. Før det, jobba han 20 år i Haram kommune med ulike oppgåver innan plan, byggesak, og eigedomsforvalting.

Helland er utdanna bygg- og anleggsingeniør ved Møre og Romsdal ingeniørhøgskole, han er 63 år, frå Ålesund og busett i Haram kommune.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.