Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Klart for fellesnemndmøte

Ill: fellesnemd papir og klubbeFellesnemnda møtast i Ørskog 16. mai for å vedta framdriftsplan for innbyggartorg og godkjenne prosjektrekneskapen.

Møtet begynner med to orienteringar:

Prosjektleiar Svein Rune Johanessen og leiar for Ålesund kyrkjeleg fellesnemnd Robert Iversen orienterer om nye Ålesund kyrkjelege fellesråd. Prosjektleiar Astrid Eidsvik vil orientere om status og framdrift i prosjektet.

Møtet begynner klokka 10.00 og blir streama på nett-tv slik at du kan gå inn og følge møtet direkte. (klikk på lenka)

Innbyggartorg

Fellesnemda skal diskutere framdriftsplan for innbyggartorg. I forrige fellesnemnd blei det vedtatt at det skal opprettast lokale utval i kvar kommune som skal involverast i utforminga av torga. Prosjektleiars forslag er at formannskapa i kommunane oppnemner 2 politikarar og 3 ildsjeler frå lokalmiljøet til å vere med i dei lokale utvala. Det blir også foreslått at 2 - 3 tilsette frå innbyggartorga skal delta. Utvala skal kome med forslag til korleis innbyggartorga skal utformast og kva rolle dei bør ha i lokalsamfunnet.

Innbyggartorga skal vere ei samlokalisering av ulike tenester som frivilligsentral, bibliotek, sørvistorg, folkehelseaktivitetar og kafé med meir. Torga skal bidra til å skape aktivitet og møteplassar for innbyggarane i lokalsamfunna i den nye kommunen og ha to hovudfunksjonar: Vere arena for kommunale tenester og for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet og vil difor få ulike uttrykk alt etter behov og fysiske lokalitetar lokalt. Det er planlagt i hvertfall fem innbyggartorg som blir plasserte i dei gamle kommunesentra.

Som arena for kommunale tenester skal innbyggartorga:

  • Vere publikumsmottak
  • Gi råd, rettleiing og generell informasjon om kommunale tenester
  • Tilby møte med saksbehandlarar lokalt
  • Tilby møteromsfasilitetar for innbyggarar og frivillige

Som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati skal innbyggertorga:

  • Koordinere samarbeid mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar
  • Legge til rette for lokale arrangement i samarbeid med andre
  • Legge til rette for samskaping mellom kommune, næringsliv, frivilligheit og innbyggarar
  • Lette til rette for aktivitetar som inkluderer, bygger identitet og samhald
  • Legge til rette for møte i kommunedelutval

Du finn meir informasjon i sakspapira..

Prosjektrekneskap

Rekneskapen for 2018 viser eit forbruk på 25 081 120 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 11 018 880 kroner ut frå vedtatt budsjett for 2018 på 36 100 000 kroner. Prosjektet er finansiert av økonomisk støtte og tilskot frå staten og skal ikkje gå på bekostning av dei kommunale budsjetta. Du kan sjå den fullstendige rekneskapen og budsjettet i sakspapira..

Andre saker

I tillegg til desse to sakene skal fellesnemnda behandle forslag til årshjul for plan- og styringsprosessar i 2019 og møteplan for fellesnemnda og det nye kommunestyret for hausten 2019.

Sjå saksdokumenta til fellesnemnda på nettsida til nye Ålesund.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.