Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

17. mai i nye Ålesund

norsk flaggVi gratulerer med dagen i morgon og gjer eit forsøk på gje ei oversikt over programmet for dagen i nye Ålesund :-).

Det ser ut til å bli strålande vêr i heile nye Ålesund på 17. mai, så alt ligg til rette for ei flott feiring av nasjonaldagen. Det er mykje som skjer rundt om i dei fem kommunane og her får du ei lita oversikt.

NB! For detaljprogram, sjå lokal annonsering. Det er ikkje sikkert vi har fått med oss alt som skjer rundt omkring. Vi ber om orsaking for det.

Haram

I Haram er det 12 lokale arrangement.

Brattvåg

Når det gjeld Brattvåg, så kan programhefte kjøpast hos Cirkle K, Bunnpris og Coop Extra i Brattvåg og blir ikkje offentleggjort her.

Fjørtoft

Nordgard og Sørgard ønsker velkomen til toget som starter klokka 12.00 frå samfunnhuset.

Det blir kransenedlegging ved kyrkja før det blir leikar, mat og drikke utanfor samfunnshuset.

Klokka 15.00 er det underhaldning på samfunnshuset.

Gamlem

10.15: Markering ved minnesteinen for Palmar Bjørnøy

10.30: Toget startar frå bedehuset på Gamlem

11.00: Toget går frå Reset i Søvika

12.00: Gudsteneste i Hamsund kyrkje

14.00: Leikar, salg av mat og drikke og open skytebane på og ved Gamlem grendahus

16.00: 17. mai-fest i salen på grendahuset

Grytastranda

12.00: Gudsteneste i Hamsund kyrkje

13.30: Toget går frå skulen til Engeset

14.15: Kafé i gymsalen

14.30: Leikar

15.30: Tautrekking

16.00: 17. mai-fest i gymsalen

På kvelden arrangerer bygdelaget quiz. Dørene opnar klokka 20.00 og quizen startar klokka 21.00

Haramsøy

11.30: Gudsteneste i Haram kyrkje

12.30: Toget går

Leikar i Nordøyhallen

15.30: Festprogrammet startar

Sal av middag, kaffe og kaker.

Helland

09.00: Skramletog

14.00: Toget startar

15.00: Tombola, leikar og kafé/kiosk

16.00: Samling i gymsalen

Hildre

10.00: Gudsteneste i Hildre kyrkje

11.15: Tog frå Hildre kyrkje

12.30: Idrettsleikar og konkurransar

13.30: Fotballkamp - damer mot herrar

14.00: Tautrekking mellom aust- og vestsida av Hildreelva

14.30: Folkefest

Lepsøy

12.00: Toget startar

13.30: Sal av mat og drikke, konkurransar og leikar på samfunnshuset og kunstgrasbana

16.00: Folkefest på samfunnshuset

Skuløy-Flemsøy

11.45: Toget går

13.00: Likar og konkurransar, kafé og kiosk

15.00: 17.mai-fest på Nordøy grendahus

Søvik

08.00: Flaggheising

10.15: Markering ved minnesteinen til Palmar Bjørnøy

10.30: Tog frå Gamlem

11.00: Tog frå Søvik

12.00: Gudsteneste i Hamsund kyrkje

13.00: Kafé på Søvik skule

14.00: Opning av leikane

Vatne og Tennfjord

07.00: Salutt

10.30: Gudsteneste i Vatne kyrkje

11.45: Tale og sang ved bautaen

12.20: Toget går til Eidet omsorgsarena

12.45: Leikane startar og kafeen opnar

13.30: Utandørskiosk opnar

15.30: Festprogram

Vestrefjord

14.00: Toget startar

14.45: Leikar utanfor grendahuset

15.00: Sal av grillmat

16.00: Festen startar, underhalding, leikar og sal av kaffe og kaker.

Sandøy

Harøy

På Harøy startar dagen klokka 08.00 med flaggheising

10.15 Samling ved Sandøytunet. Harøy skulekorps spelar

10.30 Tale for dagen

10.45 Oppstilling til barnetog

11.00 Toget går til kyrkja. Harøy skulekorps spelar i toget

11.45 Blomsternedlegging ved bautaer

12.00 Familiegudsteneste i Harøy kyrkje

13.00 Sal av kaffi og kaker startar i Sandøyhagen

13.30 Leikar startar i IP Huse-hallen

14.00 Skulekorpset og musikklaget speler ved Sandøyhagen

14.30 Underhaldning, allsang og loddtrekning

Sandøy

09.30: Harøy musikklag kjem på kaia og blir møtt på kaia av innbyggarane

Toget startar

11.30: Spleisefest med kaffi, koldtbord, pølser, is og brus, song og konkurranse på Kringsjå. Folk oppfordrast til å bidra med underhaldning.

Ona-Husøy

10.40: Harøy musikklag kjem på kaia  og blir møtt av innbyggarane

Toget startar

Etter toget blir det fest på Stormly saman med korpset.

Det blir underhaldning og servering av gratis kaffi og kaker og sal av pølser, brus og lodd.

Myklebust

14:30: Tog frå Myklebust trevare og opp til grendahuset Solwang.
Sal av middag, kaffi og kaker.

Toget blir leia av korpsmusikk frå stereo.

Skodje

07.00: Salutt

08.00: Flaggheising

10.00: Minnemarkering ved bautaen

11.00: Gudsteneste i Skodje kyrkje

12.00: Skodje blandakor syng på omsorgssenteret

12.15: Toget startar

- Toget blir avslutta ved Gomerhuset med appell av ordføraren

14.00 Trialoppvisning ved Skodje Trialklubb på skoleplassen

15.30: Festprogram i kultursalen på Gomerhuset

19.00 - 19.30: Fjelltur til Nihusen med møte på toppen i dette tidsrommet.

Valle

07.00: Salutt

10.30: Tog gjennom bygda

11.00: Skodje skulekorps

11.15: Festopning

11.20: Tale

11:30: Underhaldning

13.00: Kåring av beste klasse i toget

13:30: Trekning av loddbok

14:00: Fotballkamp mellom elevar og foresette

19.00: 17. mai-fest på bedehuset

Stette

13.30: Toget startar frå leikeplassen i Stettefeltet

14.30: 17. mai-fest på skolen.

15.30: Leikar og loddsal sal av mat og drikke

Ørskog

10.00: Gudsteneste i Ørskog kyrkje

11.00/11.05: Nedlegging av blomster ved minnesmerket over falne under 2. verdskrigen klokka 11.00/ krans ved støtta over eidsvollsmannen Valbøe.

11.30: Toget går frå kyrkja

12.00: Sal av mat og drikke

13.15: Leikane startar

14:30: Folkefest på kulturhuset

17:30: Gratis kino på kulturhuset

Ålesund

07.00: Salutt og musikk gjennom gatene. Aalesunds Ungdomsmusikkorps spelar ved Volsdalen bokollektiv og det er kransenedlegging ved Borgund kyrkje. Hatlane skolekorps spelar ved Borgundheimen omlag klokka 07.20.

08.00: Minnehøgtid for dei falne på Øvre Gravlund, andakt, minnetale, sang og bekransning.

08.30/09.15: Mannskoret Dovre syng ved Borgundheimen/Kliprasenteret

09.15: Åse skolekrops spelar ved Aspøy omsorgssenter

10.00: Dovre mannskor syng på St.Olavsplass og mannskoret Varde syng i Løvendvoldtrappa

10.00: Avmarsj for 17. mai-toget

Etter at toget har kome fram på Harald Torsvikplass (merk staden!) blir det tale, underhaldning, kåringar og stafettkonkurranse mellom skolane.

11.45: Nasjonaldagskonsert i Ålesund kirke

12.15: Nasjonaldagsgudsteneste i Ålesund kirke

13.30: Bekransing av dei falnes monument utanfor Ålesund kirke

14.00: Heibergs Mandskor med gratiskonsert på Avholdshjemmet

18.30: Nasjonal festkonsert i Parken kulturhus

I tillegg er det fleire lokale arrangement og opne kafear, sjå programmet for fullstendig oversikt.

Gratulerer med dagen!

Vi ønsker alle ei fin feiring!

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.