Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Avgjerder i fellesnemnda 16. mai

fellesnemnd i Ørskog 16 mai 2019Fellesnemnda vedtok framdriftsplan for innbyggartorg og utsette behandlinga av prosjektrekneskapen.

Møtet blei halde på Ørskog Kulturhus, 16. mai.

Orienteringar

Prosjektleiar Svein Rune Johanessen og leiar for Ålesund kyrkjeleg fellesnemnd Robert Iversen orienterte om nye Ålesund kyrkjelege fellesråd. Prosjektleiar Astrid Eidsvik orienterte om status og framdrift i prosjektet.

Innbyggartorg

Fellesnemda vedtok framdriftsplan for innbyggartorg. I forrige fellesnemnd blei det vedtatt at det skal opprettast lokale utval i kvar kommune som skal involverast i utforminga av torga. Vedtaket inneber at formannskapa i kommunane oppnemner 2 politikarar og 3 ildsjeler frå lokalmiljøet til å vere med i dei lokale utvala. Det blir også foreslått at 2 - 3 tilsette frå innbyggartorga skal delta. Utvala skal kome med forslag til korleis innbyggartorga skal utformast og kva rolle dei bør ha i lokalsamfunnet.

Innbyggartorga skal vere ei samlokalisering av ulike tenester som frivilligsentral, bibliotek, sørvistorg, folkehelseaktivitetar og kafé med meir. Torga skal bidra til å skape aktivitet og møteplassar for innbyggarane i lokalsamfunna i den nye kommunen og ha to hovudfunksjonar: Vere arena for kommunale tenester og for samfunnsutvikling og nærdemokrati. Begge funksjonane skal tilpassast lokalmiljøet og vil difor få ulike uttrykk alt etter behov og fysiske lokalitetar lokalt. Det er planlagt i hvertfall fem innbyggartorg som blir plasserte i dei gamle kommunesentra.

Som arena for kommunale tenester skal innbyggartorga:

  • Vere publikumsmottak
  • Gi råd, rettleiing og generell informasjon om kommunale tenester
  • Tilby møte med saksbehandlarar lokalt
  • Tilby møteromsfasilitetar for innbyggarar og frivillige

Som arena for samfunnsutvikling og nærdemokrati skal innbyggertorga:

  • Koordinere samarbeid mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar
  • Legge til rette for lokale arrangement i samarbeid med andre
  • Legge til rette for samskaping mellom kommune, næringsliv, frivilligheit og innbyggarar
  • Lette til rette for aktivitetar som inkluderer, bygger identitet og samhald
  • Legge til rette for møte i kommunedelutval

Du finn meir informasjon i sakspapira..

Prosjektrekneskap

Fellesnemnda utsette godkjenninga av prosjektrekneskapen for 2018 fordi revisoren ikkje har ferdigstilt revisorrapporten.

Rekneskapen for 2018 viser eit forbruk på 25 081 120 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 11 018 880 kroner ut frå vedtatt budsjett for 2018 på 36 100 000 kroner. Prosjektet er finansiert av økonomisk støtte og tilskot frå staten og skal ikkje gå på bekostning av dei kommunale budsjetta. Du kan sjå den fullstendige rekneskapen og budsjettet i sakspapira..

Andre saker

I tillegg til desse to sakene vedtok fellesnemnda årshjul for plan- og styringsprosessar i 2019 og møteplan for fellesnemnda og det nye kommunestyret for hausten 2019.

Sjå saksdokumenta til fellesnemnda på nettsida til nye Ålesund. Protokollen og sendinga frå møtet kan du sjå ved å trykke på denne lenka.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.