Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Korleis skal vi jobbe i rådhusa?

Aalesund rdhusLeiargruppa i nye Ålesund har bestemt seg for å sitte i kontorlandskap for å få til eit best mogleg samarbeid. Dei fleste andre rådhustilsette vil anten få nytt kontor eller sitte i kontorlandskap, slik som leiinga. Sjå meir om dette i videoen i artikkelen. (Teksten er oppdatert)

Det skal vere lys i alle rådhus i den nye kommunen og alle skal få gode arbeidsplassar,  lover prosjektleiar og påtroppande rådmann Astrid Eidsvik i videoen under. Ho seier også at alle må vere forberedte på å flytte - med unntak av dei som har fått konkret beskjed om at dei skal fortsette å sitte der dei er. Det betyr at generelt sett så må alle førebu seg på å skifte arbeidsplass anten internt i eige rådhus eller flytte til eit anna rådhus. Nokre vil får cellekontor og andre vil bli plasserte i kontorlandskap.

Kvifor?

Vi blir ein ny kommune og vi har behov for å tenke på korleis vi legge til rette for å faktisk kunne jobbe annleis og sikre at vi jobbar på tvers av dei ulike fagområda. 

Om du ønsker eige kontor

Det kan vere mange ulike årsaker til at tilsette treng cellekontor, både profesjonelle og private. Er du i tvil om du får cellekontor, ta kontakt med din næraste leiar slik at dette blir tatt omsyn til. Prosjektleiinga legg vekt på god trivsel og vil sjølvsagt ta omsyn til innspel frå tillitsvalde og verneombod.

Arbeidsgruppe

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis rådhusa skal tilpassast ut frå dei funksjonane som skal vere plasserte der. Tillitsvalde og vernetenesta blir representert i denne gruppa.

#rydding

Astrid oppfordrar alle til å rydde kontora sine så godt dei kan for å vere førebudde på omlegging og flytting.

Sjå videoen under:

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.