Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil du bli leiar ved Harøy skule?

barn på sandøyhagen Foto: tonemolnesHarøy skule i Sandøy søker rektor og assisterande rektor. Er ei av stillingane noko for deg? Søknadsfristen er 14. juni.

Rektor

Rektor skal leie skolen vidare og har det faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative ansvaret for drifta av skolen. Næraste overordna er einingsleiar for oppvekst og kultur.

Skolen treng rektor frå hausten.

Arbeidsoppgåver

-    Organisering av skolen og skolen sitt arbeid
-    Arbeidsgivaroppgåver og oppfølging av personale
-    Økonomistyring
-    Pedagogisk leiing
-    Planlegging og utviklingsarbeid  
-    Ansvar for elevresultat
-    Ansvar for psykososialt miljø
-    Sikre godt samarbeid mellom heim og skole
-    Delta på FAU-møter og leie samarbeidsutval og skolemiljøutval
-    Ansvarleg for årsmelding og andre rapportar om skolen til kommunens administrative og politiske leiing
-    Saksbehandlingsoppgåver innanfor definerte område
-    HMS-ansvar
-    Beredskapsansvarleg for skolen

Vi søker ein rektor som

-    Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
-    Er tydeleg og målretta
-    Kan engasjere og involvere personale, foreldre og rådsorgan i utviklingsarbeidet
-    Er ein samlande og trygg leiar som ivaretar medverknad og sikrar iversetting av interne og overordna styringsdokument
-    Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til elevens beste

Politiattest må fremleggast.

Den fullstendige utlysingsteksten og søknadsinformasjon finn du på NAV sine sider.

Assisterande rektor

Assisterande rektor skal leie skolen vidare saman med rektor og har etter delegering frå rektor faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stilling har 70 % administrasjon og 30 % undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.

Skolen treng assisterande rektor frå hausten.

Arbeidsoppgåver

-    Oppfølging av spesialpedagogiske og sosialpedagogiske saker
-    Samarbeid med eksterne tenester som til dømes PPT og helsestasjon
-    Timeplanarbeid og vikarordning
-    Ansvar for koordinering av testar og nasjonale prøver
-    Kartleggingar, undersøkingar og rapporteringar
-    I samarbeid med rektor vere pådrivar i skolen sitt utviklingsarbeid
-    Oppfølging av personale
-    Oppfølging av elevsaker

Det vil bli sett samla på kompetansen til rektor og assisterande rektor slik at arbeidsoppgåvene til ein viss grad vil kunne tilpassast kompetanse og interesser.

Vi søker ein assisterande rektor som

-    Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-    Er tydeleg og målretta
-    Er systematisk og ryddig
-    Er ein fleksibel lagspelar
-    Legg vekt på medverknad og samarbeid
-    Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til eleven sitt beste

Politiattest må fremleggast.

Den fullstendige utlysingsteksten og søknadsinformasjon finn du på NAV sine sider.

Om skolen og Sandøy

Harøy skule er ein 1-10 skole med 163 elevar. Skolen har 28 årsverk, og bygger eit spanande tverrfagleg team med eleven i fokus. Skolen har ein høgt kvalifisert og engasjert stab av lærarar, fagarbeidarar, sosiallærar og miljøterapeut. Lærarane er organiserte i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga legg planar for det pedagogiske utviklingsarbeidet. Satsingsområde har vore klasseleiing, felles verdiar og grunnleggande leseopplæring. Skolen ligg sentralt på Harøya, vel ein time med hurtigbåt frå Ålesund eller ein knapp time med ferje frå Brattvåg.

Sandøy kommune er ein øykommune på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Kommunen har 872 øyer, holmar og skjer, med ei samla kystline på 245 km. Mot vest ligg ein vernande skjergard og mot aust ei høgreist fjellrand på fastlandet. Mykje hav. Mykje himmel. Her bur og trivast vel 1250 innbyggarar.

Sandøy kommune skal saman med Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund danne nye Ålesund kommune frå 2020.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.